Togo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
République Togolaise

(norsk: Togo, togolesisk)

Det togolesiske flagget Det togolesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Salut à toi, pays de nos aïeux»
Motto Fransk: Travail, Liberté, Patrie (Arbeid, rettferd, fedreland)
Geografisk plassering av Togo
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Lomé
Styresett
Republikk
Faure Gnassingbé
Komi Sélom Klassou
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
56 785 km² (124.)
4,2 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
7 552 318 (99.)
133 /km² (64.)
Sjølvstende
frå Frankrike
27. april 1960
Nasjonaldag 27. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
10 820 mill. USD (151.)
1 700 USD (183.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +228
Toppnivådomene .tg


Togo (tidlegare del av protektoratet Togoland) er ein republikk i Vest-Afrika, som grensar til Ghana, Burkina Faso og Benin.

Kart over Togo

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystområda av Togo har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har berre ei regntid som startar i mai eller juni. Kystområda har mindre nedbør enn områda like innanfor. Dette kjem av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden i område er kystparallell. Minst sannsyn frå nedbør på kysten er det i perioden desember til februar. Årsnedbøren er likevel jamnt over 1000-1500 mm i landet.

Dei nordlege områda har tørketid mellom oktober og april, og temperaturane kan då bli ganske høge med middeltemperaturar over 30 °C og særs låg relativ fukt. Kjøligast er det i juli og august med middeltemperaturar kring 25 °C. Frå desember til februar kan den nordaustleg harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå kystområda. Denne vinden fører ofte med seg ein del støv.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.