USA Today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USA Today
USA Today building.jpg
Hovudkvarteret til USA Today i Tysons Corner i Virginia.
TypeDagsavis
Formatfullformat
Grunnlagd15. september 1982
EigararGannett
Redaktør(ar)David Callaway
SpråkEngelsk
ISSN0734-7456, 2165-1779
Nettstadwww.usatoday.com

USA Today er ei amerikansk dagsavis skipa i 1982 av Allen Neuharth. Ho er ei av dei største nasjonale avisene i USA, og har vore den med dei største opplagstala. Eigaren og utgjevaren av avisa er Gannett Company.

Første utgåva av USA Today kom ut den 15. september 1982.[1] Avisa har hovudkvarter i Tysons Corner i Virginia.[2]

Avisa blir seld i alle 50 statane i USA og i District of Columbia, Guam, Puerto Rico, Canada og Storbritannia. Avisa kostar 2 dollar, og er tilgjengeleg gratis på Internett.

USA Today hadde eit opplag på 1 674 306 i 2013, noko som gjorde henne til den største papiravisa i USA. Når også digitale abonnement er telde med er ho den tredje største avisa i landet, etter The Wall Street Journal og The New York Times.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «USA Today: Press Room : Press Kit». Henta 26. mai 2012. 
  2. «Tysons Corner CDP, Virginia». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen 2011-11-10. Henta 7. mai 2009. 
  3. «Top 25 U.S. Newspapers for March 2013 | Alliance for Audited Media». auditedmedia.com. Arkivert frå originalen 2013-06-11. Henta 21. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]