For å køyra WordPress, rår me til at nettverten din har:
- PHP versjon 7.4 eller nyare.
- MySQL versjon 5.7 eller nyare ELLER MariaDB versjon 10.3 eller nyare.
- Støtte for HTTPS
Det er i grunnen alt. Me tilrår Apache eller Nginx som dei mest solide og funksjonsrike nettenarane for å køyra WordPress, men alle tenarar med PHP og MySQL vil fungera. Når det er sagt, kan me ikkje prøva alle moglege programmiljø, og alle nettvertane på denne sida støttar det ovannemnde utan vanskar.
For detailed PHP extension recommendations, see the Hosting Handbook.
Hugs: Viss du er i eit eldre programmiljø der du berre har eldre PHP- eller MySQL-versjonar, kan WordPress òg fungera med PHP 5.6.20+ og MySQL 5.0+, men desse versjonane blir ikkje vedlikehaldne lenger, og kan utsetja nettstaden din for hòl i tryggleiken.
Spør om det
Her er eit brev du kan senda nettverten din - kopier og lim inn!
Eg vil gjerne køyra WordPress <https://wordpress.org/>, og lurer på om brukarkontoen min støttar dette:
- PHP 7.4 eller nyare
- MySQL 5.7 eller nyare ELLER MariaDB 10.3 eller nyare
- Nginx eller Apache med mod_rewrite-modulen
- HTTPS-støtte
Takk!
Ikkje påkravd, men tilrådd for betre tryggleik
Nettvertar er sikrare når PHP-program som WordPress køyrer under ditt eige brukarnamn i staden for den delte standardbrukaren til tenaren. Spør den potensielle nettverten din korleis dei sikrar brukarkontoen din.