Sjølve WordPress er heilt omsett til nynorsk. Ymse tilknytte prosjekt på wordpress.org går òg framover, men det står att mange tekstar. Dersom du har litt fritid, er det berre å hiva seg med på dei ulike prosjekta. Enklaste måten å koma til på, er å gå til statistikk-sida for WordPress, gå ned til nn_NO, og så velja seg ut det prosjektet du likar. Som de ser, er nynorsk slett ikkje langt nede på lista. Me ligg godt framfor mange større språk. Få oss gjerne opp til 100%!
WordPress 4.9 klar
Som vanleg er me litt over tida, men no er WordPress 4.9 stort sett klar på nynorsk. Noko arbeid med styringspanelet står att.
Fleire endringar
Nynorskutgåva av WordPress har fått litt omsut no, og fleire småfeil er retta opp. Dei vil bli synlege frå neste WordPress-utgåva.
WordPress 3.9.1 er ute, men ikkje ferdig omsett
Gode dykk: WordPress 3.9.1 er ute, slik at nynorskfolk skal kunna få dei nye funksjonane i programmet – men nynorskomsetjinga er ikkje fullført. Eg har ikkje hatt tid, og har berre snøgt fått sett gjennom dei omsetjingane andre har gjort.
Mellom linjene: Viss nokon har tid til å omsetja, er det flott. Då skal eg lova å godkjenne omsetjingar snøgt, og så byggjer me ei ny WordPress-utgåve når omsetjinga er meir komplett. Til så lenge har me i alle fall ein delvis ferdig 3.9.1.
WordPress 3.8 er ute
… ein dag etter den engelske originalutgåva, og allereie heilt ferdig omsett til norsk!
Ferdig 3.7.1 er ute, og 3.8 bortimot ferdig
No er WordPress 3.7.1 endeleg heilt ferdig på nynorsk, og den komande utgjevinga 3.8 er nærpå ferdig. Dei av dykk som har tilgang til Glotpress, kan kanskje ta i eit tak med 2014-bunaden? Elles er alt fullført!
3.5.2 er ute
Nokre dagar etter hovudprosjektet kjem WordPress 3.5.2 på nynorsk. Dette er ei tryggleiksoppdatering, så det er lurt å oppdatera med ein gong.
3.5.1-nn_NO er ute
Ikkje lenge etter tryggleiksoppdateringa 3.5.1 er WordPress ute på nynorsk òg. Du kan oppdatere frå styringspanelet, og det verkar der me har prøvd det.
Språkvask på neste WordPress-utgåve og litt om bunader
WordPress 3.5 er den neste utgåva som kjem. Nynorskutgåva er allereie ferdig omsett, og i desse dagar driv me litt språkvask. Det finst nokre inkonsekvensar i den nynorske WordPress-utgåva som er ute no (3.4.2), mellom anna litt veksling mellom tilbake og attende, samt nokre forvirrande omgrep om toppbilete – det vil seia dei bileta du kan leggja bak tittelen heilt øvst på bloggen din. Me har ordna mesteparten av dette no, men set sjølvsagt pris på tilbakemeldingar.
Mellom anna har det vore litt ordskifte her på nn.wordpress.org om me skulle hatt drakt i staden for bunad. Ein bunad/ei drakt (engelsk: theme) er rett og slett utsjånaden og utforminga til bloggen eller nettstaden din. Det finst eit stort tal ulike bunader, og dei fleste går an å tilpasse slik at du får eit eige visuelt uttrykk på nettsida di. Men kva er det beste nynorske ordet? Til no er bunad brukt konsekvent, og det er i tråd med det litt tilårskomne ordet bladbunad (for layout). Samanlikninga med «noko du kler på deg» er i alle fall ganske nærliggande, fordi innhaldet på bloggen din er det same sjølv om du bruker ulike bunader for å visa det fram.
Det er fint med gjennomtenkte innspel til dette spørsmålet, fordi det er eit ganske stort arbeid å endra bunad til eit anna ord. Difor er det greitt å ha eit godt grunnlag for evt. å gjera ei slik endring. Me endrar gjerne ordbruk om det kjem fram gode argument. Fram til dess kjem bunad til å vera i bruk.
3.4.2 er ute
Nokre dagar etter hovudutgjevinga fylgjer nynorskutgåva: WordPress 3.4.2 er klar. Det meste skal vera rett, men me tek gjerne imot innspel her dersom ting er hakkande gale.