Asunción

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Panteón de los Héroes i Asunción.

Asunción er hovudstaden i Paraguay. I tillegg til å husa regjeringa er han òg den største hamne- og industribyen i landet, og eit viktig kulturelt knutepunkt. Innbyggjartalet er 1 304 087 (1992).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Asunción er ein av dei eldste kolonibyane i Sør-Amerika, og er kjend som Mor til byar fordi mange ekspedisjonar som skulle grunnleggja fleire byar på kontinentet la ut herfrå. Sjølve byen blei grunnlagd 15. august 1537 av Juan de Salazar og Gonzalo de Mendoza. Han fekk namnet Nuestra Señora de la Asunción (Vår Frue av himmelfarten).

I 1731 var byen skodeplass for eitt av dei første opprøra i det spanske koloniveldet. Opprøret var leia av advokaten José de Antequera y Castro, som blei teken til fange og avretta.

Etter at Paraguay tapte Trippelalliansekrigen i 1870 blei Asunción okkupert av brasilianske styrkar fram til 1876.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asunción

Kjelder[endre | endre wikiteksten]