iPhone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
iPhone 5S.

iPhone er ein smarttelefon med multimediafunksjonalitet som er designa og marknadsført av Apple. Den brukar iOS som operativsystem. Formgivinga skjer i California, medan telefonen vert produsert i Kina. Han er kjenneteikna ved ein stor, berøringsfølsom skjerm, og at den har berre ein fysisk knapp på framsida. Telefonen vert styrt ved å berøre ikon på skjermen med ein eller fleire fingrar. Ved berøring av skjermen med to fingrar kan ein zoome inn og ut av tekst, bilete og grafikk som ein ønskjer å sjå nærare på. I tillegg til å vera ein vanleg mobiltelefon har han også funksjoner som Edge, mobilkamera, nettlesar, push-e-post, og rørslesensor. Støtte for trådlaust nettverk (802.11b/g) og Bluetooth 2.0 er også inkludert. iPhone 3G introduserte støtte for 3G og assistert GPS. iPod-funksjonalitet er ein del av telefonen. Det finst ei rekke supplerande applikasjonar tilgjengeleg for nedlasting, og det er også råd å oppdatere programvarene via iTunes.

iPhone vart fyrste gong presentert av administrerande direktør i Apple, Steve Jobs, på Macworld Conference & Expo 9. januar 2007, og mobilen vart lansert 29. juli 2007 i USA. Han vart lansert i Noreg 11. juli 2008, hos NetCom. I februar 2009 vert det klart at også Telenor kom til å tilby iPhone til kundane sine.[1]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

iPhone[endre | endre wikiteksten]

Introdusert 29 juni 2007, og var den fyrste utgåva. Batteritida i konstant samtale var berekna til 8 timar, medan ein kunne surfa på internett i 6 timar.[2]

iPhone 3G[endre | endre wikiteksten]

Introdusert 2008. Ein forbetra utgåve av den første versjonen. 3G fekk nytt design og nokre nye funksjoner som blant anna AppStore, noko som har vokse og blitt den største og mest populære butikken for mobile applikasjonar.

iPhone 3GS[endre | endre wikiteksten]

iPhone 3GS kom juni 2009. Han har ein langt raskare CPU og GPU enn forgjengaren, noko som gjer han opptil dobbelt så rask i følgje ytingsmålingar. Han har eit tre megapiksels kamera med autofokus, videoopptaksfunksjon (30 fps, 640×480 oppløysing) og videoredigering, pluss kompass, GPS og stemmestyring. Telefonen kjem i tre variantar med 8, 16 og 32 GB lagringsplass.

iPhone 4[endre | endre wikiteksten]

iPhone 4 blei visa fram under Apple Worldwide Developers Conference i 2010. Denne versjonen har eit heilt nytt design, og har fått frontkamera (til videosamtale). Han har også fått ein diodeblits til det forbetra kameraet på fem megapikslar. Det nye kameraet har nå høve til å filme video i HD med 30 bilde per sekund (1280×720/30). Skjermoppløysinga er 960×640, telefonen er ni millimeter tjukk og har glas både framme og bak med ei metallramme rundt. Han blir seld med 16 eller 32 GB lagringsplass, i svart eller kvit farge.

iPhone 4S[endre | endre wikiteksten]

iPhone 4S var ei forbetra utgåve av iPhone 4.

iPhone 5[endre | endre wikiteksten]

iPhone 5S / 5[endre | endre wikiteksten]

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. aftenposten.no, 20. februar 2009: iPhone til Telenor
  2. http://www.apple.com/pr/library/2007/06/18iPhone-Delivers-Up-to-Eight-Hours-of-Talk-Time.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]