Viss du finn direkte feil i nynorskutgåva av WordPress, eller har konkrete framlegg til korleis utgåva kan bli betre, er det flott om du melder deg som omsetjar. Det same gjeld om du berre har lyst til å få ut nynorskutgåvene av WordPress så snøgt det går an, eller har lyst til å få meir av tilleggsfunksjonane (utformingar, innstikk oa.) på nynorsk. Spesielle fagkvalifikasjonar treng du ikkje, men du må sjølvsagt vera heilt stø i nynorsk, og ha litt greie på språkbruk i programvare og på nett.
Ein god måte å koma i gang på, er å gjera slik:
- Bli medlem på wordpress.org.
- Logg på translate.wordpress.org med wordpress.org-brukarnamnet.
- Omset.
Dette gjeld for sjølve WordPress, samt mange tilleggsfunksjonar. Det er mykje å jobba med på translate.wordpress.org, og i tillegg finst det mange andre tilleggsfunksjonar til WordPress. Dei har gjerne sine eigne nettstader og omsetjingsrutinar. Det vanlegaste er .po-filer som du omset.
Det er hjelp å finna for nye omsetjarar, og meir enn eg får tid å nemna her. Skulelinux har ein del tankar om språkbruk, samt ei liste over dataord med omsetjingar til norsk. I tillegg er ordboka ein ressurs du ikkje må vera redd for å bruka.