Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptil, fiskar og virvellause dyr – føder levande ungar. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein slik fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.
Store pattedyr som kvalar, elefantar, sjiraffar, flodhestar, nashorn, storfe, hestar, selar og primatar føder ofte berre eit avkom om gongen, sjølv om tvillingar og andre fleirfødslar førekjem. Dei fleste av desse avkoma er meir utvikla enn menneskeungar ved fødselen, ved at dei til dømes kan stå og gå eller symja nokså snart etter fødselen. Andre pattedyr, som kattedyr, hundedyr, revar og gnagarar, føder gjerne større kull med mindre utvikla ungar som til dømes kan mangla hår, syn, tenner og evna til å regulera kroppsvarmen sin. Desse ligg i eit reir eller hi og blir mata av mora og passa på av henne og eventuelt andre slektningar. Les meir …
Frøyningsfjelltromma (Freavnantjahke gievrie) er ei sjamantromme, også kalt runebomme, fra det sørsamiske området i Norge. Gjennom den siste kjente eieren er den knyttet til Frøyningsfjellet i Namdalen.
Den er en av de best dokumenterte samiske trommene i Norge: eierne Bendix Andersen Frennings Fjeld og Jon Torchelsen Fipling-Skov møtte Thomas von Westen i 1723 og gav ham en forklaring på trommas symboler og deres betydning. Tromma ble «beslaglagt» det samme året, og har siden 1837 vært i Meininger Museum i Tyskland.
Tromma skal ifølge Bendix og Jon være «arved i 4de Led». Den er ei rammetromme utført ved sveiping av et tynt trestykke av furu til en jevn, symmetrisk oval med største mål 48 x 30 cm. Tromma er bevart med 50 lærreimer fest til undersiden. 134 små metallbiter er festet til reimene. På ramma er det festet 11 små stifter av tinn i korsform; Bendix og Jon forklarte at dette «viiser hvor mange Biørne efter denne Runne-Bommes prophetie ere fældede.» Les mer her.
... musikaren Eric Carmen har laga to album kalla opp etter seg sjølv?
... Don Juan Pond i Antarktis er den saltaste innsjøen i verda med eit saltinnhald på 40 %, som gjer at han sjølv i temperaturar ned mot -50 ºC ikkje frys til is?