BBC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til BBC

British Broadcasting Corporation (BBC, norsk: Det britiske kringkastingsselskapet) er ein britisk radio- og fjernsynskringkastar. Selskapet vart danna i 1927 ved kongeleg dekret frå det tidlegare British Broadcasting Company, og starta den 2. november 1936 opp dei fyrste regulære fjernsynssendingane i verda. Fram til ITV vart oppretta i 1955 hadde BBC monopol på radio- og fjernsynssendingar i Storbritannia.

BBC hadde ei norsk avdeling under andre verdskrigen som hadde sendingar retta mot det norske folket i Noreg, der dei tyske okkupasjonsmaktene hadde sett inn forbod mot kringkasting. Det var òg ulovleg å høyra på radio, men mange gjorde det likevel i løynda.

Programma som blir viste er ofte eit resultat av eigenproduksjon. Selskapet vert av mange oppfatta som eit av dei mest seriøse medieselskapa i verda, med ein nøytral og sjølvstendig synsvinkel. BBC tek på seg rolla som allmennkringkastar i Storbritannia, og norske NRK, i likheit med dei fleste andre eldre fjernsynskanalar i Europa, samanliknar seg difor ofte med BBC. På same måte som NRK vert BBC finansiert med lisensmiddel. Rett nok vert enkelte delar av BBC sitt programtilbod betalt av andre; World Service vert betalt av det britiske utanriksdepartementet. Dessutan har BBC i dei seinare år tent ein del på sin kommersielle del, mellom anna ved sal av DVD-kopiar basert på programma deira.

I Storbritannia vert kanalen ofte kalla The Beeb eller Auntietante», fordi kanalen tidlegare var kjent for å ha ein oppdragande stil i mange av sine program).

På fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Fjernsynskanalar i Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia har BBC eit Public Service-oppdrag. TV-kanalane BBC One og BBC Two blir distribuert via det analoge nettet til heile Storbritannia.

Verdsfemnande kanalar[endre | endre wikiteksten]

BBC har òg ei omfattande verksemd utanfor Storbritannia. Verksemda internasjonalt blir drive under føretaket BBC Worldwide, som er eit kommersielt føretak. Pengar frå tv-lisensen i Storbritannia går derfor ikkje til desse kanalane.

På radio[endre | endre wikiteksten]

Analoge og digitale[endre | endre wikiteksten]

Digitale[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Lokalradio[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]