INRI

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Dette er ein artikkel om det bibelske omgrepet INRI. For albumet med same namn, sjå INRI (album).
Krusifiks frå Immaculata katolske kyrkje i Mt. Adams, Cincinnati

INRI er eit akronym for Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum, som er latin og tyder «Jesus frå Nasaret, jødanes konge». Ifølgje Johannesevangeliet stod denne innskriften på ein plakett som var festa på Jesu kross.

Dei andre tre evangelium har liknande skildringar. Matteusevangeliet angjev at innskriften lydde «Det er Jesus, jødanes konge» (kap. 27, v. 37), Markusevangeliet «jødanes konge» (kap. 15, v. 26), og Lukasevangeliet nemner «Han er jødanes konge» (kap. 23, v. 38).

I nokon av dei ortodokse kyrkjene ser ein nokon gonger varianten INBI, som svarar til den greske utgåve av teksta, Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος ὁ Bασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων.

I kunsten ser ein ofte denne inskripsjonen på krusifiks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • J. Ursin: Kristne symbol - ei handbok, 3. utgåve, Oslo 1975
  • Symbolleksikon (Cappelen, 1992)]

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]

INRI frå The Free Dictionary