Denne framgangsmåten er for ein ny WordPress-installasjon på nynorsk. Før du byrjar, treng du
- Ein nettvert (vevhotell) med PHP og MySQL
- FTP-tilgang til nettverten
- Tilgang til å laga og endra databasar (stort sett eit eige kontrollpanel)
Slik gjer du:
- Last ned nynorsk WordPress.
- Pakk ut arkivet i ei mappe på datamaskina di.
- Lag ein database for WordPress på nettverten din, og noter brukarnamn og passord til databasen.
- Last opp alt (til dømes med FTP) til nettverten din.
- Gå til framsida:
http://www.døme.no
/
i netlesaren din. Fylg rettleiinga på skjermen. Vanlegvis går dette heilt greitt. - Om det dukkar opp vanskar, bør du fyrst lesa den utvida installasjonsrettleiinga på wordpress.org. Viss du framleis ikkje finn ut av det, går det an å prøva den offisielle WordPress-sida og forumet der.
- Hurra!