I det siste har eg lagt merke til stadig fleire designshowcaser og bloggar som benyttar seg av eit flytande grid av små boksar som på dynamisk vis fyller skjermen med innhald. Dette var iallefall ei webdesigntrend i 2009 og er nok det enda, men ikkje like «ny». På disse tider for eit år sidan var denne trenden nevnt som «unusual layouts» i nokre større webdesignmagasin. Tanken var å publisere dette innlegget i fjor, men bloggpausen vart lengre enn planlagt. Men no sjølv om det ikkje er «siste nytt» benyttar eg dette utkastet til å «sparke» meg i gong med blogginga igjen! Dog med ei litt endra førstesetning (sjå over).
Continue reading «Webdesigntrend: Flytande grids»