Vossingar som flytta til Kinn.

Etter 1800 var det fleire Vossingar som søkte lykka i Kinn prestegjeld. Eg har identifisert 73 personar som flytta hit i perioden 1800 til 1865, og reknar med at eg då har dei aller fleste med. Dei fleste hamna på Svanøy eller i grendene som sokna til kyrkja på Svanøy. Dei fleste av desse vart knytt til haugianarmiljøet der og ein fyldigare omtale av dei har eg gitt i boka «Møtet med Hans Nielsen Hauge». (kjøp her

På slutten av perioden var det også mange som slo seg ned som kjøpmenn i Florø. Mange av dei som flytta til Kinn, flytta vidare til andre stadar, eller tilbake til Voss.

Oversikta nedanfor inneheld opplysningar om fødsel, giftemål, barn og dødsår på dei som flytta til Kinn i denne perioden. Framleis manglar en nokre dødsår, men eg jaktar vidare på desse. Eg har truleg funne eit nytt uekte barn av Anders Olsen Bakketun f. 1858. Bakketun

På namnelista finn du ei oversikt over alle personane eg har identifisert, med link til informasjonen som eg har om dei.

Har du opplysningar som eg manglar om nokon av personane i bloggen (giftemål, barn, bustad eller dødsår),  så kan du legge inn ein kommentar i dette innlegget. Likeså om du har opplysningar om andre personar frå Voss, som har flytta til Kinn i denne perioden. (bruk «kommenter innlegget»). Du kan også sende meg epost: kinn@enivest.net

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skjerdal (Wang)

Gjertrud Larsdotter Skjerdal Gjertrud Larsdotter (Skjerdal 1738-1825 Svanøy). (Manglar sikker dokumentasjon på henne, sjå nedanfor) Hennar foreldre var Lars Håvardsen Skjerdal og kona Brit Olsdotter Bolstadøren. I 1801 bur ho på garden Haga, 63 år gamal som ugift og fattig Inderst. Ein gong mellom 1804 og 1806 flyttar ho til Svanøy i Kinn, der ho får seg teneste hos Ole Svanøe. Her blir ho til ho dør i 1825. Eg manglar heilt sikker dokumentasjon på at det er den same Gjertrud Larsdotter som blir fødd på Skjerdal i Voss i 1738, og som dør på Svanøy i 1825. Gjertrud Larsdotter på Svanøy har eg funne omtalt i 1806 som ei fattig og ugift fruentrimmer frå Voss, som Ole Svanøe har tatt i teneste for å sjå til kreatura hans. I 1810 blir ho omtalt som gamal og skrøpeleg. Dernest finn eg ei Gjertrud Larsdotter død 90 år gamal på Svanøy i 1825. Eg har ikkje funne andre kandidater som dette kan være, og meiner då det må være den same Gjertrud Larsdotter. Etter dåtidas reknemåte skulle ho då være fødd kring 1736, og være ugift ved folketellinga for Voss i 1801. Den einaste aktuelle kandidaten i folketellinga for 1801 er då den som er nemnd ovanfor på Haga. Eg har ikkje funne spor etter ho på Voss etter 1801. Det er kun ei Gjertrud Larsdotter som er fødd på Voss kring 1836,  og det er denne på Skjerdal. Som sagt manglar eg sikker dokumentasjon på at det er den same som budde på Svanøy i 1806 og 1810, men indisiane peikar sterkt i den retning. 

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Istad (Wang)

Ole Olsen og Anna Olsdotter Istad

Ole Olsen (Rasdal 1809-1880 Steinhovden). Foreldre Ole Nielsen Rasdal og Ragnhild Knutsdotter Bolstad. Ole Olsen blei gift i 1842 med Anna Olsdtr Kvale (Kvale 1817-1892 Steinhovden). foreldre: Ole Mikkelsen og Marethe Aamundsdotter Kvale. Ole og Anne budde på Istad til dei same året flytta til Stavik i Kinn, for å ta eit jordbruk i forpaktning, seinare flytta dei til garden Steinhovden der dei var husmenn. Barn:  Ragnhild (Stavik 1842-bst Høyvik 1910), Ole (Stavik 1844- ), Martine (Steinhovden 1849- ) og Johanne Bolette (Steinhovden 1854- ).

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Bryn (Wang)

Ole Nilssen Bryn

Ole Nilssen (Bryn 1819-1881 Bryn). Foreldre Niels Michelsen og Synneve Olsdotter Bryn. I 1853 flyttar han til Sunds prestegjeld. Før 1865 flyttar han til Kinn, der han arbeider på et salteri og er steinarbeider på Nigarsøen på garden Frøyen i Bremanger. I 1875 er han flytta til Bergen der han er steinarbeider, og før 1881 flyttar han tilbake til Brynhagen på Voss, der han arbeider som murar og dør som ugift i 1881.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Møen (Wang)

Ole Monsen Møen

Ole Monsen (Møen 1799-1885 Rognaldsvågen). Foreldre ugifte: Sigvohr Pedersdtr Møen og Mons Monsen frå Brekke i Opheim sokn. Han flyttar til Ullensvang i 1825, der han blir gift i 1829 med Johanne Margarethe Hertzberg (kr. 1796-1838), dotter til prost Niels Hertzberg. Dei flyttar same året til Eivindvik i Gulen, og vidare til Refsøen i Solund (då under Askvoll prestegjeld) i 1836. Ole Monsen giftar seg opp at i 1840 med Anne Johannesdotter.  (kr. 1775-1858)  Ole Monsen flyttar før 1858 til Rognaldsvågen i Kinn, saman med tenestejenta Ingeborg Ingemaardsdotter Sætre (1827- ) frå Askvoll, som same året føder deira felles barn . Ole seier samtidig frå seg retten til arv etter kona Anne Johannesdotter som dør i 1858. Ole Monsen blir buande i Rognaldsvågen til han dør i 1885. Barn: Marie Elisabeth (Eivindvik 1829-1905 Hersvik i Solund), Hylleberg (Eivindvik 1831-1900 Gåsvær i Solund), Petter Johan (Refsøen 1838-1909 Underset i Askvoll) og Nikoline (Rognaldsvågen 1858-1918 Stord)

Posta under Wang hovedsokn | 5 kommentarar

Løen (Oppheim)

Sigrid Olsdotter Løen

Sigrid Olsdotter (Løen 1822-1904 Tertnes). Foreldre: Ole Larson Njåtveit og Anna Oddmundsdotter Jordalen. Ho flyttar til garden Svanøy i Kinn i 1843 for å ta seg teneste. Ho flyttar tilbake til Voss før 1853, då ho flyttar vidare til Hamre prestegjeld. Her giftar ho seg i 1853 med Jacob Wemensen Tertnes (1820-1907), og dei blir buande på garden Tertnes. Barn fødd på Tertnes (Hamre): Vemund Amaliel (1854- ), Oluf August (1856- ), Berthe Christine (1859- ), Thorkil Sigvart (1862- ) og Bernt Olai (1865- ).

Posta under Oppheim sokn | Kommenter innlegget

Bakketun (Wang)

Ole Pedersen og Ingeborg Olsdotter Bakkethun

Ole Pedersen (Fenne 1795-1875 Høyvik). Foreldra ugifte: Peder Olsen Nesheim og Inger Iversdotter Fenne? Han giftar seg i 1824 med Ingeborg Olsdotter (Gjernes 1794-1837 Svanøy). Foreldre: Ole Eilefsen og Ingeborg Trondsdotter Gjernes. Ole og Ingeborg flyttar i 1836 til ein husmannsplass på Svanøy i Kinn. Ole Pedersen flyttar til Høivik i Kinn, og giftar seg igjen i 1839 med Berte Maria Ivarsdotter Enevold (1801-1857) frå Naustdal. Han giftar seg i 1860 for tredje gang med Alet Johanne Henriksdotter Mulen (1815-1900 Høyvik) frå Naustdal (no Førde). Barn fødd på Voss : Ole 11 (f. Fenne 1825-1869), Anders 9 (fødd Bakketun 1827) og Inger 6 (f. Bakketun 1830). Peder (f. Bakketun 1835-1835).  Barn fødd Kinn: Ole Ivar (1840- ) (Oliver i FT 1865), Peder (1844- ) og Ingeborg (1846- ).

Ole Olsen Bakketun

Ole Olsen (Fenne 1825-1869 Høyvik). Foreldre: Sjå ovanfor. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Dør ugift i Høyvik i 1869.

Inga Olsdotter Bakketun

Inga Olsdotter (Bakketun 1830-1900 Svardal). Foreldre: sjå ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Ho giftar seg i 1855 med John Anton Johansen Svardal (1836- ) og dei to buset seg på Svardal: Barn: Johan Andreas (1855- ), Aleana Andrea (1856- ), Olaus Matias (1861- ), Birte Elen Bertine (1863- ), Dortea Susanne (1865- ), Birte Susanne (1867- ), Abraham Olai Matias (1870- ) og Marie Bolette (1873- ).

Anders Olsen Bakketun

Anders Olsen (Bakketun 1827-1912 Askvoll). Foreldre: sjå ovanfor. Han flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Han giftar seg i Askvoll i 1860 med Ingeborg Monsdotter Askevold (1843-1861). Han giftar seg opp igjen med Pernille Mikaelsdotter Askevold (1839-1926) i 1862, og dei blir buande på Askevold Prestegard, der Anders arbeidde som seminarist. Barn: Olaf (1863), Ingeborg (1864- ), Magnus (1867-1895) og Ingeborg Helene (1870- ). Anders Olsen Bakketun er truleg også den same som Anders Olsen f. Voss som fikk barnet Sara Susanne med piken Anna Absalonsdotter Nedre Sunde i 1858. Barnet døde under heimedåpen.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget