Ida Røssland

Løft kjøkkenet på budgett

Vi bur jo i ein forsvarsbolig, så det er begrensa kva vi får gjort i dette huset av oppussing. Men huset er gammalt og slitt, og standaren er og deretter..Dessuten så skal veggen på sikt malast grå, og då blei det litt feil med dei lyserosa varme flisene som er på kjøkkenet.😅 Så for å få det litt meir i tråd med resten, av vårt interiør og stil, så fant eg ut at eg måtte få gjort nåke enkelt med dei.  😊

Eg har kjøpt meg kontaktplast, og gjekk laus. Ellers treng du kun eit bankkort og ein god kniv, eg brukte ein tapetkniv. HER kan du kjøpe kontaktplast på Ebay :) 

Først vaska eg godt over flisene slik at det ikkje sitte nåke fett igjen. Fett vil gjere slik at det ikkje sitte fast. Eg begynte først med ein liten flik, og festa den til flisene. Her er det viktig at det blir beint, då dette vil gjere det enklare å rulle ut seinare. 

Deretter brukte eg eit bankkort og strøyk over etterkvart som eg rulla kontaktplasten ut. Kun litt og litt i gangen. 

Får du bobler så kan du dra opp igjen, men eg valgte heller å stikke små hull på dei og dra lufta ut ved hjelp av bankkortet. Det blei veldig bra!

Og her er resultatet! Blei det ikkje fint? Stor forskjell vil eg sei! Og ja, eg er fult klar over den idiotiske betongkanten der... Den håper eg forsvinn litt når veggen blir malt mørkegrå. Som sagt, vi eige ikkje huset vi bur i så vi får ikkje gjort så mange drastiske endringar som vi skulle ønska.. 😊

Det blei vel litt bedre vel? 😊  HER kan du sjå korleis eg malte det forrige kjøkkenet vi hadde. 

- Følg meg gjerne på Facebook HER   og Instagram HER -

#diy #oppussing #interiør #kreativitet #kreativ #gjørdetselv #kontaktplast #ebay #ebaytips #hobbygruppa #diymagasinet #kjøkken

Trondheimshelg

  • Skrevet 18.09.2017 klokka 20:42
  • Kategori: Kvardag

Då var helga, og mandagen over allerede. Helga føyk i alle fall av gårde for oss, for vi har vore på besøk hos Martin og Tara i Trondheim.😊  Vi kjørte via Orkanger til Trondheim, og brukte vel rett under 2 timar på turen, og det inkluderte ei stopp på Amfi-senteret i Orkanger. Ikkje så gale vil eg sei! 

Det var kulturnatt i Trondheim på fredagen, så etter eit vel gjennomført tacomåltid med heimelaga salsa (NAM😋) og diverse, gjekk vi nedover til sentrum. Gu så deilig det var å bu så sentralt til nåke, eg kjente eg kosa meg skikkelig med muligheten til å gå til bysentrumet. Vi fekk sjølvsagt turista oss litt, og fekk sett Nidarosdomen. 

Lørdagen starta eg og Tara dagen på IKEA. Altså, det må vel til når vi bur så langt vekke. Dessuten trur eg ikkje ein tur på IKEA er å unngå når ein har flytta i nytt hus.. Eller? 😅  Så etter at bilen var fylt opp med kommodar og diverse, så kjørte vi heim for å gå ned i sentrum igjen. Pride blei nemlig arrangert i Trondheim i helga, så det var mykje folk ute.🌈  Veldig kjekt å sjå så mange oppmøtte! Eg trur dei sa det var mellom 5000-8000 mennesker her den dagen. Det er bra 💛 💚 💙 ❤️

Lørdagens middag inntok vi på Sabrura, ein sushirestaurant som serverte det som buffet. G-e-n-i-a-l-t. Altså for 200 kr kunne ein ete så mykje, eller lite, sushi ein ville. Dei hadde og vårrullar og kyllingspyd. Dessuten så var maten veldig god og, så dette kan virkelig anbefales. Her kan eg gå fleire ganger ja! 😊

Alt i alt hadde vi ei super helg i Trondheim. Det er veldig godt å sjå at det ikkje er så alt for langt å reise for å komme til sivilisasjonen med bil.. Med båt bur vi jo kun 1 time unna by´n, men det er jo det å ha mulighet til å bruke det då.. Det var i alle fall godt å komme seg litt vekk i fra Ørlandet, og få litt påfyll av andre inntrykk. 😊  Trondheim var og ein veldig fin by, vi er heldige som har ei madrass å sove på der!

#trondheim #trondhjæm #reise #bytur #byliv #urban #ferie #travel #mat #sushi #tips

Styrk imunforsvaret med ingefærshots

Eg har lenge tenkt på at eg sku ha laga ingefærshots til å ha i kjøleskapet. Det er jo så oppkvikkande, og ikkje minst bra for kroppen, med ein liten shot kvar morgon før jobb.😊  Også har det sjølvsagt går litt i glømmeboka, slikt som mykje gjer.. Men, forrige veke fekk hadde sjefen med seg heimebrygga ingefærte til oss, og då kom eg jo på kor godt det er med ingefær og måtte rett og slett komme meg på butikken å handle inn. Dessuten går vi jo hausten i møte, og vi har jo ikkje akkurat lyst å ligge sjuke 😏

Det eg har brukt er: 1 liter vatn , safta frå ei sitron og ei håndfull opphakka frisk ingefær.

Eg satte alt på kok, og lot det stå å trekke i vel 2 timar. Jo lengre det får stå å kose seg, jo meir smak vil ingefæren gi i frå seg. Eg måtte etterfylle med vatn etterkvart, sjølv om eg lot det trekke med lokk på panna.  Deretter helte eg alt over på ei tom glasflaske, fylte opp med vatn og satte det kjølig. Drikken skal kunne stå i kjøleskapet i vel 1 mnd, men drikk den heller opp og lag ein ny. 😊

Det smakar sterkt og godt, og eg kan nesten kjenne at eg blir friskare av dette 😎  V var ikkje så veldig imponert over dette "heksebrygget" mitt, men eg klarte å få det i han to ganger før han satt seg på bakbeina... Men eg syns det er så godt at eg til og med har blanda det ut som saft og drukke det som tørstedrikk.😅  Neste gang trur eg at eg skal ha meir ingefær i og, kan vel aldri bli for mykje av det gode? 😄 

#heimelaga #shot #diy #oppskrift #ingefær #sitron #mat #drikke #reise #kvalme #gravid

TV-stova vår

  • Skrevet 11.09.2017 klokka 08:00
  • Kategori: Interiør

Her er t-stova vår per dags dato. Litt vel kald og kjedelig kan eg vel sei meg heilt enig i. Dessuten er sofaen vår for stor til denne lille tv-stova, pluss at sofaen er feilvendt. Jaja, alt av møblar kan jo ikkje passe når vi bytter hus. Heldigvis hadde vi nå plass til sofaen! 🙈  Eg vil jo veldig gjerne kjøpe ny sofa, men det forslaget blei veldig fort nedstemt... Men vi får nå sjå 😏


Slik som interiøret er no så minner det meg veldig om leiligheten i Kristiansand. Alt er likt, og derfor vil eg gjerne gjere litt om på det no. Litt kosligare blir det nok med blå vegg i Nordisk Hav bak sofaen og på veggen til venstre for sofaen. Eller kva? Resten av rommet har to store vindu på ein vegg, og ei dør på den andre veggen. Dei veggane blir Klassisk kvite i første omgang, så får vi sjå om det blir endringar der etterkvart. 😊

#diy #oppussing #interiør #interior #design #male

Fiks det sjæl søndag!

  • Skrevet 10.09.2017 klokka 21:45
  • Kategori: Kvardag

Puh, idag har eg virkelig stått på heile dagen. Etter at vi hadde sendt svigers av gårde med båten til Trondheim så satt eg i gang med dagens prosjekt; lage breiare vinduskarm! Altså, eg tipper det var nåke av det første eg irriterte meg over når eg flytta inn her.. Det er jo søren meg ikkje nåken plass til potter og lysestakar her? 🙈  #Ilandsproblem  Men i staden for å irritere meg over det så har eg idag laga breiare vinduskarmar. Bare sjå kor små dei var då, altså...🙄 🙄

Dessuten trengte vinduskarmane litt kjærlighet, så eg skal få dei kvite. Eg har kun fått grunna dei idag, siden eg måtte skjære til vinduskarmen og slikt. Men det blir så fint når alt blir kvitt! Då kjem dei nye fine gardinene mine så fint til sin rett og! Sjekk ein liten sneek peek på dei på bildet over 😏 Og veggen skal ikkje være kvit vidare nei, den skal bli mala når maleren kjeme på besøk 😊

Så ja, dette har søndagen min gått til. I fra 11 til 21 har eg styrt på. I morgon skal strøk nr 1 med maling komme på, før eg skal på cafedate med Zara, ei eg har blitt kjent med etter at eg flytta opp her 😃

Håpar søndagen dåkas har vært fin, og at dåke har fått nåke ut av den. Det har i alle fall eg, sjølv om eg ikkje har vært ute på tur i finværet 🙈

- Følg meg gjerne på Facebook HER   og Instagram HER -

#diy #oppussing #gjørdetselv #hus #hjem #hage #interiør #søndag #kreativ #kreativitet #gds 

Oppussing av hus!

  • Skrevet 07.09.2017 klokka 20:32
  • Kategori: Kvardag

No har vi budd i denne boligen i litt over ein mnd, og begynne å bli greit utpakka. Med greit så meiner eg at stove, kjøkken, gang, bad og gjesterom er ryddig, mens soverom og gjesterom nr 2 er fult av klær og ting.😅  Og ikkje minst skal gjesterom nr 2 skal bli hobbyrom(!!!). Endelig skal eg få meg ein plass der alt av kreative ting skal være. Planen for det rommet er ikkje kome lenger enn at eg veit eg skal ha ein lang pult/arbeidsbenk. Og ikkje la meg begynne på oppbevaring på det rommet. Nåken som har tips eller? Eg har alt for mykje hobbyting, så her må det bli orden 🙈  

Ellers har vi fått beskjed om at vi skal få nåken til å male veggane i boligen vår! For ein lykke. Eg hadde egentlig trudd at vi måtte male sjølv, men når dei tilbudte seg å male for oss så var eg ikkje vond å be. 😊  Egentlig har vi bare fått velge mellom grå og kvite tonar, men eg skal prøve å lure inn litt blått i tillegg. Fargepaletten i huset blir som følger: Klassisk kvit, Skumring, Grå Harmoni og Nordisk Hav. Regner med det blir bra. Sånn med tanke på at vi egentlig ikkje får ha nåken farge på veggane så blei dette det mest "spenstige" vi fekk til. 🙈  Mulig hobbyrommet får seg ein litt sprekare farge, sånn på sikt. 

No har vi fått storfint besøk av svigers for helga, og dei er klare for å sjå kva Ørlandet har å by på. Kanskje Gunn må bli med meg på fargehandelen så vi får funne farge til hobbyrommet og! 😏

Kva syns dåke om fargane ilag? 😊

#diy #kreativ #oppsussing #gjørdetselv #male #maling #jotun #hobby #hobbyrom #bolig #hus #hage

Stader eg vil besøke i Norge

Etter å ha vært ein del på reisefot i USA så kjenner eg på det at eg har lyst å reise litt meir i Norge og. Eg har vært heldig og har gjennom oppveksten fått reist og opplevd ganske mykje av Norge, men ein kan vel ikkje få nok, kan ein? 😉  Her kjem i alle fall mi liste over stader eg har lyst å besøke i Norge:


Lofoten

Eg har lyst å reise på fiskeferie i Lofoten og bu på ei rorbu der eg kan gå rett ut på brygga om morgonen i bare morgenkåpe!

Tromsø

Kva som er årsaken til at eg vil besøke Tromsø anar eg ikkje, men eg ser for meg at det kan være ein fin by. Dessuten blir den vel ikkje kalla Nordens Paris for ingenting?

Nordkapp

Bare fordi det er Nordkapp vel?😅

Trollstigen

Å snirkle seg oppover her må jo være ein draum for alle tilreisande, både norske og utenlandske. Eg har i alle fall lyst å kunne nyte denne utsikten ein gang. 

Atlanterhavsveien

Denne veien har eg vel egentlig mast om siden vi kjørte i fra Bodø og sørover i 2014(?). Det blei ikkje den gangen, og det blei heller ikkje no når vi kjørte til Trøndelag i sommar. Kanskje vi heller må ta det som ein helgetur til Molde eller Kristiansund? Opp med hånda om vi kjenner nåken som bur i området då!

Bildene er henta i frå Google. 

#reise #norge #norway #ferie #steder #reisemagasinet #

Washington DC

  • Skrevet 01.09.2017 klokka 08:00
  • Kategori: Reiser

Her kjem ein liten oppsummering i frå dagane våras i Washington DC tidligare i sommar. Vi hadde nåken heilt fantstiske dagar, og tok livet virkelig med ro. Washington DC var ein så kjekk og fin by at her kunne vi lett ha reist tilbake ein gang. V snakka om det allerede på flyet heim i fra NY.. Så ja, kan virkelig anbefalast. Vi valgte og å leige sykkel fleire dagar, og på den måten kom vi oss veldig enkelt rundt til dei forskjellige monumenta. Washington var faktisk ein heil del større enn eg hadde forestilt meg, så eg trur nok ikkje vi hadde klart oss uten den sykkelen..

Klikk på linken for å komme til innlegget og fleire bilder:

Dag 1: Arlington

Dag 2: White house, Washington Monument, Lincoln memorial og Pentagon 9/11.

Dag 3: Capitol Hill og Kongressen, Jefferson memorial

Dag 4: Museumsdag, Iwo Jima og Georgetown Waterfront

Håpar det kan være til inspirasjon!

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#reise #washington #usa #ferie #travel #reisemagasinet #reisebloggen #iviusa #washingtondc #reiser #blogg #globetrotter 

Måneden som gikk: Juli

  • Skrevet 31.08.2017 klokka 08:00
  • Kategori: Sist måned

No når kvardagen endelig er i gang igjen, så tenkte eg at eit innlegg om sist månad kunne være kjekt å lage. Planen er jo at denne type innlegg skal komme etter kvar månad. Det er jo ikkje alt som skjer i kvardagen som kjem i eige innlegg på bloggen, så ein oppsummering kan være kjekt å sjå tilbake på. Så slepp eg å skrive dagbok 😅


1.-04.07: Vi ferierte fortsatt i USA og var nåken dagar i New York før vi reiste heimover til Norge.😊 Innlegg HER og HER.

04.-05.07: Heimreise og endelig landa vi på Norsk jord!😃  Etter eit heilt år i utlandet var det virkelig godt å komme ut på Flesland å kjenne på den friske lufta vi har her i landet. Les meir om det HER.

12.07: Utdrikningslag til Kristine! Vi tok båten i frå Stord og over til Skånevik kor vi skulle være for dagen. Her var vi på Villmarksleiren og hadde leikar og åt mat. Dette kan virkelig anbefales!

13.07: Eg blei med Kristin på Maria Mena konsert i Baronihagen. Tidligare på dagen hadde vi hatt besøk av Maria inne på Instinkt Mote, så ho opptredde i ein kjole ho fekk i frå oss. Stas! Sjå innlegger HER. 😊

19.-20.07: Eg reiste spontant til Kalve for å besøke tante og onkel på hytta si.😊 Mamma og Harald var allerede reist med båten, så eg var ikkje vond å be. Simen kom og, så vi fekk to fine dagar ute i havgapet ilag. Sjå fleire bilder HER.

20.07: Vegard blei 25 år! Dette feira vi rolig med eit familieselskap heime i Omvikdalen. 

21.-23.07: Eg og Vegard lånte båten til pappa ut til Halsnøy for å være med på Den Store Reke og Krabbefesten som blir arrangert kvart år. Vi låg i båten ved siden av mamma og Harald, og levde båtlivet fult ut. Veldig koselig!😊 Dette blei og vår "miniferie" i år.

28.-31.07: Vi reiste til Kristiansand for å flytte ut av leiligheten vår. Flyttefolka kom ikkje før på mandagen, så på lørdagen hadde vi ein heidundrandes fest med gode venner i Vigvollåsen! Vi var dessuten på Kapteinsabeltannshow på fredagen, så fekk vi gjort det og før vi flytta. 😊

Takk for oss Kristiansand! <3 

#blogg #reise #usa #sistmåned #juli #2017 #ferie #kristiansand #kvinnherad

Kopparen 483 moh

Første veka vi budde her på Brekstad kom som sagt mamma på besøk. Ho hjalp godt til med utpakking og vasking, men vi kunne jo sjølvsagt ikkje bare være inne heller. Så på onsdagen tok vi på oss turklea og kjørte innover mot Bjugn kommune. 😊

Når vi kom til parkeringsplassen mista vi egentlig motet litt. Her i frå kunne vi nemlig sjå toppen, og den såg ut som om den var så enormt langt vekke. Ikkje i høgdemeter, men i lengdemeter. Heldigvis så var det ikkje så gale som vi trudde, og etter at vi hadde gått litt langs grusveien så kom vi til "foten" va fjellet. Her i frå var det ganske rett oppover langs ein fin grusvei. 

Når vi omsider kom til toppen så fekk vi veldig god utsikt over heile Ørlandet og Brekstad. Midt på bildet ligg Brekstad. Vi kunne og sjå heilt ut til vindmøllene på Smøla (trur vi) 😅

Vi møtte fleire folk på veien, men det var tydeligvis kun ein annan person som hadde vært oppe å skreve seg i boka. Er ikkje det obligatorisk når ein går på fjelltur? Å skrive seg i boka altså! 😅

På vei ned fant vi masse fine blåbær som gjorde heile turen 100 gangar bedre. For kva er vel kjekkare enn å ete bær rett i frå naturen? Yum!

Blåbær rett i frå tua ❤️

#fjelltur #fjell #reise #utno #ut #kopparen #trim #trening #trøndelag #bær #blåbær

Fra koffert til einebolig

  • Skrevet 27.08.2017 klokka 09:00
  • Kategori: Kvardag

Mykje har skjedd siden sist, og vi har gått i fra å være Amerikanera og Sørlendinga til å bli Trøndera! 😊  Vi har altså tatt flyttelasset med oss å flytta ein times tid utanfor Trondheim. Fredag 4.august kjørte vi i frå Vestandet og direkte opp til hit. Vi har flytta inn i ein einebolig på eit plan med 3 soverom, hage og alt som skal til. Per no er det sjølvsagt ikkje heilt i orden her oppe, men med god hjelp i frå mamma første veka, så kom vi oss godt på plass likevel. 

 Utsikt over Brekstad i fra Kopparen

Eg har jo og starta i ny jobb! Heldig som eg er fekk eg jobb før eg flytta opp her og har starta i ein butikk som heiter Fifty/50. Det er ein konseptbutikk med interiør og dameklær, og til hausten skal vi og starte med herreklær. Dette blir så spennande! Eg har og vært så heldig å fått vært med på motemessa og innkjøp i 5 dagar, og det kjem så mykje fint til våren! Då er det jo ekstra gøy å selge og 😃  Dessuten er kollegaene mine og heilt supre, så eg gler meg veldig 😊

Små forhold her oppe. På vei til grilling hos Helge og Susanne som bur sånn 500 m borti veien.

Leiligheten er som sagt ikkje heilt klar, men eg lovar at det kjem bilder! Eg skal blandt anna få nye fargar på veggene og litt slikt før vi er heilt fornøyde her. Det har jo tross alt vært bebodd her før, og det er eit gammalt hus, men vi gjer det beste ut av det så blir det bra 😊

Nydelig solnedgang i fra hagen vår.

Vi gler oss stort til å ta fatt på den nye kvardagen og det nye livet vårt her oppe i Trøndelag. Og vi er begge sikker på at her kjem vi til å trivast dei neste åra.

Soloppgang innover i Trondheimsfjorden.

 

#kvardag #hverdag #brekstad #ørland #ørlandet #flytte #reise #trønder #fosnafolket 

Birthdaygirl!

  • Skrevet 25.08.2017 klokka 11:27
  • Kategori: Kvardag

På onsdag blei eg heile 25 år! Bursdag er virkelig livet folkens! Eg trur nok og det blir kjekkare for kvart år som går. Dessuten har eg innført bursdagsveke, så heile veka blir ein stor fest 😅  

Og sjå kva eg fekk hos Vegard då! Eg har lenge drømt om bysykkel med korg, og kva andre plassar enn her på Brekstad passar det bedre med ein slik sykkel? No kan eg sykle til jobb og ha veske eller posar i kurven. Ein draum! Min mann er best ❤️

  

Ellers har eg visst blitt skikkelig voksen og fått meg kjøkkenmaskin hos mamsen! Eg har hatt ein sånn dårlig kjøkkenmaskin før, så å få eit skikkelig beist er heilt fantastisk. Eg gler meg sånn til å få bruke den. Det er til og med kjøttkvern med, så no kan Vegard bare komme seg på fiske så skal eg lage fiskekaker til den store gullmedaljen 😎

På kvelden tok Vegard med med på ein finare restaurant her på Brekstad. Hovde Gård ligg 200 m i frå huset vårt, så det var ikkje akkurat lange stykket å gå. Alt er liksom i nærheten om ein bur på Brekstad. 

Det var eit fantastisk fint område, med herskapelige bygg. Vi åt i restauranten som dei kalla Fjøset, og som namnet seier så var det tidligare fjøset på gården. Fantastisk fint lokale, og ikkje minst god mat. Her kan vi gå igjen 😊

Takka være denne mannen her, og mange andre fine folk, så hadde eg ein fantastisk fin bursdag her i Trøndelag! Tusen takk alle sammen ❤️

#birthday #bursdag #gave #voksen #mat #restaurant #hus  #presang

Fiskeferie på Kalve

  • Skrevet 22.08.2017 klokka 18:14
  • Kategori: Kvardag

Velkommen til paradis!

Altså, kor fint er det ikkje her då? Eg var så heldig å få muligheten til å besøke Kalve på Austevoll i sommar. Onkel og tante har hytte der ute, og når mamma og Harald allerede hadde kjørt ut med båten så var eg ikkje vond å be. Klokka 5 sto eg opp, og var klar på Sunde båtkai rundt klokka 06:00. Om eg var trøtt når eg kom fram til frokosten? Ja, men til denne utsikten så var det ikkje nåke problem å halde seg våken 😊

På Austevoll fiskar dei jo mykje, så det var absolutt obligatorisk når vi var der. Det var dårlig med fisk å få p stang, så vi satt eit garn så vi fekk fleire fine fiskar i. 😊

Wiii, sjå kor stor då! 😃

I djup konsentrasjon ved fileteringa..🐟

Vi fekk oss og ein liten tur ut til Skansen. Her fekk vi god utsikt mot Marstein fyr som ligg i havgapet. 😊

Denne dagen var det heldigvis fint vær, men til vanlig og når stormen står på som verst her så kan ein ikkje være her utpå. Då er det rett og slett livsfarlig for både store og små! 🌊 🌊 🌊

Eg og Simen tok oss og ein tur med kajakkane. Her padla vi i rundt 2 timar rundt og ut mot havet. 

Heit uti havet der ligg England! Vi padla ikkje så langt då 😅

Idylliske Kalve!

Takk for nåken fine dagar i paradis! 😊

#summer #sommer #ferie #reise #travel #reisebloggen #reisemagasinet #norge #bilder #natur #fisk #fiske #fisking #kalve #hordaland #utno #yrno #storm #tv2vaeret #tv2 #sol #kalve

Dag 9: Siste dag i USA

Lørdag og siste heile dag i New York står no for tur. Kva skal eg egentlig blogge om når eg er ferdig med USA-eventyret vårt?🤔   Det blir nok ikkje så hyppig, eller interessant, med blogging om livet på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag, men vi satsar på litt oppdateringar likevel 😊


Frihetsgudinnen:

Mandag var planen å komme seg tidlig ned til Frihetsgudinnen, siden køen var så enormt lang til lenger ut på dagen det gjekk. Vi klarte jo ikkje å komme oss ned dit til 8 (vi var da tross alt på ferie), men var i billettkøen rundt 11. Det gjekk virkelig fort unna, og innen klokka var 12 var vi på båten på vei over til Liberty Island.😊

Båtane som går i skytteltrafikk kvart 20 min. 

Frihetsgudinna var like magisk som den var for 7 år siden. Vegard blei veldig overraska, for han hadde ikkje trudd den skulle være så stor som den var. Dessuten var det ok menge med folk der ute, med tanke på at det var midt på sommaren vi valgte å ta turen. 😊

På båtturen ut til øya kan eg anbefale at dåke står på styrbord/høgre side av båten. Då får du sett Frihetsgudinna i frå sjøen og. På vei heim igjen er det sjølvsagt andre sida som er best å sitte på. 😊

Vi gjekk ein runde på øya og fekk til slutt ein nydelig utsikt over heile skylinen i New York. Og ikkje minst det nye One World Observatory bygget som ruver 541 meter over bakken. 

Little Italy

Vidare tok vi sunbwayen mot Little Italy. Denne dagen hadde vi nemlig bestemt oss for at vi måtte klare å få i oss ein lunch i rimelig tid før middagen skulle inntas. Valget falt derfor på Il Cortile, ein restaurant som er kjent i fra serien Sopranos. Vi satt ute, men inne minna det meir om eit slikt mafia miljø som det er i serien. Vi såg ekstra godt rundt oss om det kanskje satt nåken som minna litt om mafiabossar rundt der ja.😅Hadde det vært ei gågate her så hadde eg nok følt eg hadde vært i Europa. Dessuten var Little Italy 100 ganger roligare og koseligare enn nabogata, der Chinatown er.. 





China Town

I China Town var det folk som stod å skulle selge oss nåke i det vi runda gatehjørnet i fra Little Italy. Altså, er det mulig! Vi fekk begge flashback til selgerane i Tyrkia, og fekk rett og slett litt avsmak..🙄 Heldigvis skulle vi ikkje være her så lenge, men vi måtte gå eit stykke igjennom for å finne ein undergrunn. Ellers er det jo veldig fasinerande korleis dei har klart å lage til eit så autentisk miljø midt i New York City! Her får du nok tak i det meste av spesiell mat som du får tak i i Kina og. 

Typiske sjapper som låg langs gatene i China Town.

Central Station:

Vi tok subwayen vidare nordøve og fant plutselig ut at vi var på eit tog som skulle innom Central Station. Dette passa jo meg bra siden eg hadde lyst å sjå den og. Vi hoppa av her og fekk endelig sjå nok ein kjent plass i fra mange filmar. 

Nede til venstre står togtidene og blinkar. Sjølv om det er enormt mykje folk innom her kvar dag, så var det veldig reint og ryddig her.. Og ikkje minst fasinerande å tenke på at folk som er der faktisk er på reis, slik som på OsloS. 😊

Empire State:

Etter Central Station gjekk vi nedover mot Empire State. Planen var ikkje å gå opp i denne, då eg hadde vært her før, men V ville veldig gjerne sjå den. På veien ned fekk vi og kjøpt ein ny håndbagasjekoffert og, så vi slapp å få så mykje overvekt på bagasjen på veien heim. 

Rundt Empire State, på Street 34/ Broadway er det og eit fint shoppingområde. Kan anbefale å ta turen her om det er nåken som er interessert i shopping, og nåken som bare likar å sitte på cafe/pub å vente.😊

Seinare på kvelden tok vi turen på ein restaurant som heiter Brazil Brazil. Her fekk vi servert eit godt stykke kjøtt og tilbehør. Ein koselig kveld ute, men vi var nok begge litt lei av å ete ute på restaurant, og gleda oss vel mest til å komme heim til Norge og god norsk mat. Slik er det vel når heimreisen nærmar seg!😏

- Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her -

#newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen 

Sky high

  • Skrevet 16.08.2017 klokka 13:08
  • Kategori: Foto

Skyskrapara er så fasinerande! Og i alle fall dei som har vindu som er så klare at skyene speiler seg i dei. Ser jo nesten ikkje kor bygget ender ein gang. Nyydelig! 😍

#foto #newyork #ferie #reise #iviusa #travel #sommer #utlandet #usa #shopping #reisemagasinet #reisebloggen

Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits