16. mars
16. mars er den 75. dagen i den gregorianske kalenderen (76. under skotår). Det er 290 dagar att av året.
Innhaldsliste
Merkedag[endre | endre wikiteksten]
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar[endre | endre wikiteksten]
Religiøs helgedag[endre | endre wikiteksten]
Bevegelege heilagdagar som fell på 16. mars i 2017:
- Gudmund Arasson av Hólar har festdag i den katolske kyrkja
Namnedag[endre | endre wikiteksten]
Noreg | Gudmund og Gudny |
Sverige | Herbert og Gilbert |
Danmark | Gudmund |
Hendingar[endre | endre wikiteksten]
Utlandet[endre | endre wikiteksten]
- 37: Caligula blei romersk keisar etter at Tiberius døydde
- 455: Keisar Valentinian III av Romarriket blei snikmyrda medan han trente bogeskyting på Campus Martius i Roma.
- 1521: Oppdagaren Ferdinand Magellan kom fram til Filippinane.
- 1792: Kong Gustav III av Sverige blei skoten. Han døydde 29. mars.
- 1815: Vilhelm I av Nederland lét seg utropa til konge i Det sameinte kongedømet Nederlanda
- 1945: 90 % av byen Würzburg i Tyskland vart lagt i ruinar av britiske bombetokt.
- 1952: Det vart målt heile 1869,9 mm regn på 24 timar på den tropiske øya Réunion i Det indiske havet. Dette er den størte nedbørsmengda på eit døgn som nokon gong er målt i verda.
- 1968: Massakren ved My Lai under Vietnamkrigen.
- 1978: Supertankaren MT «Amoco Cadiz» forliste ved kysten av Bretagne, noko som førte til stort oljesøl.
- 1988: Etter ordre frå Saddam Hussein blei den kurdiske byen Halabja i Irak angripen med gift- og nervegass. Rundt 5 000 menneske døydde og 10 000 blei skadde.
Noreg[endre | endre wikiteksten]
- 1830: Seks båtar og 33 mann omkom i eit stormver på sunnmørskysten. Båtlaga var frå Sande, Herøy, Borgund og Hjørundfjord.
- 1975: Sosialistisk Venstreparti vart danna.
- 1979: Elleve pasientar omkom i ein brann på sjukeheimen i Sandnessjøen.
Fødde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Fødde den 16. mars.
- 1478: Francisco Pizarro, spansk oppdagar og conquistador
- 1751: James Madison, amerikansk president (1809-1817)
- 1789: Georg Ohm, tysk matematikar og fysikar
- 1883: Olaf Nordhagen, norsk arkitekt, ingeniør og kunstnar
- 1951: Oddvar Brå, norsk langrennsløpar
- 1953: Richard M. Stallman, amerikansk IT-spesialist og aktivist
- 1959: Jens Stoltenberg, norsk statsminister (2000-2001, 2005-)
- 1971: Ole Idar Kvelvane, norsk forfattar
- 1976: Kjetil Wæhler, norsk forfattar
Døde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde den 16. mars.
- 37: Keisar Tiberius av Romarriket
- 1842: Maurits Hansen, norsk forfattar, lærar og skulestyrar
- 1861: Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld, tysk-britisk prinsesse
- 1940: Selma Lagerlöf, svensk forfattar
- 1948: Siegfried Wolfgang Fehmer, tysk gestapist
- 1967: Jakob Sande, norsk forfattar og visesongar
- 1968: Gunnar Ekelöf, svensk forfattar og omsetjar
|
|
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |