Albert Camus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Camus

Albert Camus (alˈbɛːʀ kaˈmy; (fødd 7. november 1913 i Mondovi ved Constantine, Fransk-Nordafrika, dagens Algerie, død 4. januar 1960 ved Villeblevin i Département Yonne, Frankrike) var ein fransk forfattar og filosof som blir rekna som ein av dei mest kjende og viktige franske forfattarane på 1900-talet. I 1957 fekk han Nobelprisen i litteratur «for sin viktige litterære produksjon, der han med eit klårøygd alvor set lys på problem i samband med det menneskelege samvitet i vår tid.»[1][2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Camus sin far døydde tidleg og sonen fekk ein nær relasjon til mora. Trass ein fattig oppvekst fekk Camus studere; filosofistudiane var omfattande. Åra 1937–1939 var Camus medlem av kommunistpartiet og i 1938 byrja han å arbeide som journalist. Under andre verdskrigen arbeidde Camus i Paris med undergrunnsavisa Combat som han var redaktør av i åra 1945–1947.

Albert Camus første stor bidrag til verdslitteraturen var den konsentrerte forteljinga Den fremmede (1942). Romanen er kanskje hans mest vellukka eksistensielle verk. Sartre bidrog i stor grad til Camus sitt genombrot som forfattar ved å peike ut at romanen som eint døme eit verk innan eksistensialismen.[3] Camus syner det absurde, tilfeldige og meiningslause i menneska sine tilvære; han har i det heile eit nihilistisk drag som minner om filosofien til Nietzsche.

Albert Camus omkom i ei bilulukke då eit dekk på bilen han sat i eksploderte og bilen fekk sleng.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over Camus i Villeblevin, der han døydde

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • L'Étranger, 1942; Den fremmede
  • La Peste, 1947; Pesten
  • La Chute, 1956; Fallet
  • La Mort Heureuse (skriven 1936–1938; publisert 1971) Den lykkelige død
  • Le Premier homme (uferdig, publisert postumt i 1994) Det første mennesket

Novellsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • L'exil et le royaume (samling) (1957)
    • La Femme adultère
    • Le Renégat ou un esprit confuse
    • Les Muets
    • L'Hôte
    • Jonas ou l'artiste au travail
    • La Pierre qui pousse

Sakbøker[endre | endre wikiteksten]

  • L'envers et l'endroit
  • Noces (1938)
  • Le Mythe de Sisyphe (1942)
  • L'Homme révolté (1951)
  • Carnets, mai 1935 — fevrier 1942 (1962)
  • Carnets, 1943 — 1951 (1965)
  • Carnets Tome III: Mars 1951 – December 1959 (1989)

Essays[endre | endre wikiteksten]

  • Essay on Realism and Artistic Creation (1957)
  • Parnassos lecture in Greece (1956)
  • Lecture at Columbia University (1946)
  • Essay for the theatrical play L'État de Siege (1948)
  • Réflexions sur la guillotine (1957)
  • Combat (1946)

Drama[endre | endre wikiteksten]

  • Caligula (urpremiære 1945, skriven 1938)
  • Requiem pour une nonne (1956)
  • Le Malentendu (1944)
  • L'État de Siege (1948)
  • Les Justes (1949)
  • Les Possédés (1959)

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Resistance, Rebellion, and Death (1961)
  • Lyrical and Critical Essays (1970)
  • Youthful Writings (1976)
  • Between Hell and Reason: Essays from the Resistance Newspaper "Combat", 1944–1947 (1991)
  • Camus at "Combat": Writing 1944–1947 (2005)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «for his important literary production, which with clear-sighted earnestness illuminates the problems of the human conscience in our times»
  2. Camus på nobelprize.org
  3. Albert Camus i Nationalencyklopedins ordbok, 23. mai 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Camus på nobelprize.org