1905
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | ||||||||||||||||||||||||||
|
||||||||||||||||||||||||||
|
1905 (romartal MCMV)
Innhaldsliste
Hendingar[endre | endre wikiteksten]
Utlandet[endre | endre wikiteksten]
- Albert Einstein publiserte den spesielle relativitetsteorien.
- 2. januar: Den russiske flåtebasen Port Arthur kapitulerte i den russisk-japanske krigen.
- 22. januar: 200 000 russiske arbeidarar marsjerte til vinterpalasset i St. Petersburg der dei blei skotne på av troppane til tsaren. Hundrevis døydde. Denne hendinga var den første russiske revolusjonen.
- 26. januar: Cullinandiamanten blei funnen i ei gruve nær Pretoria i Sør-Afrika.
- 3. mars: Den russiske tsaren aksepterte å skapa ei folkevald forsamling — Dumaen.
- 4. april: Eit jordskjelv med styrke 7,8 på Richterskalaen i Kangra-området i det nordlege India kravde nær 20 000 dødsoffer.
- 15. mai: Las Vegas i Nevada blei grunnlagt.
- 27. mai: Den japanske flåten under befalet til general Tojo sigra over den russiske austersjøflåten under befal av admiral Rozjdestvenskij ved Tsushima i Koreasundet. Det russiske nederlaget blei slutten på den russisk–japanske krigen.
- 5. september: Med meklinga av den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt blei det slutta fred mellom Russland og Japan i Portsmouth i USA. Den russisk-japanske krigen var over.
- 8. september: Eit jordskjelv med styrke 7,9 i Calabria i Italia kravde ca 2 500 dødsoffer.
- 26. oktober: Kong Oscar II av Sverige sa frå seg den norske krona og tok eit nytt valspråk: «Sveriges Väl!»
- 30. oktober: Russlands Tsar Nikolaus II proklamerte det såkalla oktobermanifestet.
- 28. november: Det irske nasjonalistpartiet Sinn Féin blei grunnlagt.
- 5. desember: Sir Henry Campbell-Bannerman blei statsminister i Storbritannia.
Noreg[endre | endre wikiteksten]
- 15. januar: Eit stort ras i Loen drap 61 menneske.
- 7. juni: Stortinget erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Stortinget gav Christian Michelsen si regjering i oppdrag å overta styringa mellombels inntil nytt statsoverhovud var på plass.
- 12.-13. august: Ei folkerøysting gjev 368 208 ja og 184 nei til oppløysing av unionen.
- 16. oktober: Unionsoppløysinga i 1905: Etter krigshissing og harde forhandlingar vart den norske unionen med Sverige formelt oppløyst då den svenske riksdagen godkjende Noreg som eigen stat.
- 12. november: Ei folkerøysting om republikk eller kongedøme gav fleirtal for kongedømme. 259 563 for monarki og 69 264 for republikk.
- 18. november: Stortinget valde samrøystes den danske prins Carl til konge (Som konge heitte han Haakon VII av Noreg).
- 25. november: Haakon VII og familien hans kom til Kristiania (det noverande Oslo).
- 2. desember: Sam Eyde og Kristian Birkeland stifta Norsk Hydro.
Fødde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Fødde i 1905.
- 2. februar: Ayn Rand, russisk-amerikansk filosof og forfattar
- 3. februar: Arne Beurling, svensk matematikar.
- 15. mars: Berthold Schenk von Stauffenberg, tysk jurist og nazi-motstandar
- 19. mars: Albert Speer, tysk nazistisk politikar og arkitekt
- 8. april: Bernt Evensen, norsk skeiserennar
- 12. april: Inger Hagerup, norsk forfattar
- 3. juni: Sven Oftedal, norsk politikar
- 21. juni: Jean-Paul Sartre, fransk forfattar og nobelprisvinnar
- 25. juli Elias Canetti, tyskspråkleg forfattar og nobelprisvinnar
- 29. juli: Dag Hammarskjöld, generalsekretær i SN og nobelprisvinnar
- 13. august: Trygve Bull, norsk politikar
- 20. august: Hans Vinjarengen, norsk skirennar
- 22. august: John Lyng, norsk politikar og statsminister
- 3. september: Carl David Anderson, amerikansk fysikar og nobelprisvinnar
- 18. september: Greta Garbo (eig. Greta Gustafsson), svensk filmskodespelar
- 22. september: Haakon Lie, norsk politikar
- 19. november: Tommy Dorsey, amerikansk jazztrombonist og storbandsleiar
- 2. desember: Åse Gruda Skard, norsk barnepyskolog
- 16. desember: Piet Hein, dansk kunstnar, diktar og ingeniør
Døde[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Døde i 1905.
- 15. mars: Amalie Skram, norsk forfattar
- 22. mars: Antonin Proust, fransk politikar
- 24. mars: Jules Verne, fransk forfattar
- 14. april: Otto Wilhelm von Struve, russisk astronom
- 5. august: Anton Ažbe, slovensk kunstnar
- 19. august: William Bouguereau, fransk målar
- 21. august: Julius Oppert, fransk orientalist
- 30. november: Rasmus Flo, norsk litterat og filolog
- 29. desember: Martin Wiberg, svensk pppfinnar
Nobelprisar[endre | endre wikiteksten]
- Fysikk: Philipp von Lenard, Tyskland
- Kjemi: Adolf von Baeyer, Tyskland
- Medisin: Robert Koch, Tyskland
- Litteratur: Henryk Sienkiewicz, Polen
- Fred: Bertha von Suttner, Austerrike
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>