Ein sjøvlmordsbombar drap minst 95 personar og skadar over 100 under ein volleyballkamp i nordvestre Pakistan.
Den danske karikaturteiknaren Kurt Westergaard blei utsett for eit drapsforsøk i heimen sin.
Minst 75 menneske døydde som følgje av jordskred og flaum i den brasilianske delstaten Rio de Janeiro. Flaumen førte òg til at landet sitt einaste atomkraftverk måtte stengast.
7. januar: Sju rakettar blei avfyrt mot Israel frå Gaza. Israelske kampfly bomba tre mål i Gaza.
Ein 51 år gammal mann skaut mot personalet med ein AK-47 på eit ABB-kontor i den amerikanske byen St. Louis. Sju personar blei treft av skota, tre av dei døydde. Gjerningsmannen tok deretter sitt eige liv.
8. januar: Spelarbussen til Togo sitt herrelandslag i fotball blei skoten på med maskingevær då dei kom til Angola for å spela i Afrikameisterskapen. Bussjåføren og to personar i laget sitt støtteapparat blei drepne, medan fleire blei alvorleg skadt. Separatistrørsla Kampen for fridom for Kabinda-enklaven skal ha stått bak angrepet.
10. januar: Kroatia heldt andre valomgang i presidentvalet. Ivo Josipović blei valt til ny president med 60,3% av stemmane.
23. januar: Seks TV-kanalar i Venezuela blei stengt fordi dei ikkje viste talane til president Hugo Chavez. Å gjera dette hadde vore lovfesta sidan desember 2009.
31. januar: Statoil og LUKoil skreiv kontrakt for 20 år for West Qurna 2-feltet i Irak.
16 personar vart massakrerte under ein ungdomsfest i den meksikanske byen Juárez. Dei vart drepne av ein narkotikabande som trudde festdeltakarane var gjengmedlemmer.