Fürth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fürth
Fuerth Suedstadt Zirndorf Bridge from Alte Veste f sw.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Fürth
Fürth is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Mittelfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 1007
Geografi
Flatevidd
 - By

63,35 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

119 808
  1 891/km²
Koordinatar 49°28′0″N 11°0′0″EKoordinatar: 49°28′0″N 11°0′0″E
Høgd over havet 294 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 90762–90768
Telefon-retningsnummer 0911
Bilnummer
Heimeside: www.fuerth.de

Fürth er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 119 000 innbyggjarar (2013). Byen går i eitt med den større byen Nürnberg og sentrumet i dei to byane ligg berre 7 km frå kvarandre.

Fürth, Nürnberg og Erlangen, i lag med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er ein av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.

Fürth feirar tusenårsjubileum i 2007 og vart første gong nemnd 1. november 1007.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Rathaus, frå søraust

Det historiske sentrumet i byen ligg aust og sør for elvane Rednitz og Pegnitz, som renn i saman og dannar elva Regnitz nordvest for gamlebyen. Vest for byen, på den eine enden av Main-Donau-kanalen ligg byskogen Fürther Stadtwald. Aust for Fürth ligg Nürnberg, og nord for byen ligg eit frodig markeds- og hageområde kalla Knoblauchsland (kvitlaukland). Sør for byen ligg motorvegar, kanalen og enger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fürth vart først nemnd 1. november 1007, men hadde sannsynlegvis eksistert før den tid. Denne dagen gav Keisar Heinrich II eigedomen sin i Fürth til den nyoppretta biskopen av Bamberg.[1] Namnet «Fürth» kjem frå det tyske ordet for vadestad, sidan dei første busetnadane låg ved ein slik. Dei neste åra fekk Fürth markedsprivilegiar, men mista desse seinare til Nürnberg under Heinrich III. Frå 1062 og framover fekk berre Fürth ha eit marked, men då var Nürnberg alt vorte ein viktig by.

Dei neste hundreåra var byen under fleire styresmakter, som Biskopen av Bamberg, Fyrstedømet Ansbach og byen Nürnberg. Lenge var byen hovudsakleg ein jordbrukslandsby og i 1600 var folkesetnaden framleis sannsynlegvis mellom 1000 og 2000.

I trettiårskrigen vart Fürth nesten heilt øydelagd av brann.

I 1835 vart den første jernbanen i Tyskland opna mellom Nürnberg og Fürth.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fürth

Kjelder[endre | endre wikiteksten]