David Hume

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Hume måla av Allan Ramsay i 1766.

David Hume (26. april 171125. august 1776) var ein skotsk filosof, økonom og historikar som hadde innverknad på vestleg filosofi og Den skotske opplysningstida.

Opphavleg var Hume mest kjend for arbeidet sitt som historikar, men i nyare tid har tyngda av akademisk merksemd vore på filosofien hans. Han skreiv History of England, som i lang tid var standardverket på det temaet.

Hume var den fyrste moderne filosofen som maksla ein gjenomførd naturalistisk filosofi. Det viktigaste trekket ved denne filosofien var at han forkasta den då dominerande oppfatninga av menneskesinnet som ein mindre utgåve av det guddommelege sinnet. Dette gjorde at Hume ogso forkasta idéen om at menneskesinnet hadde ein mest gudommeleg innsikt om røynda. Hume meinte at ein i staden burde bruka empiriske metodar for å forklåra fenomen i menneskesinnet.

Hume vart sterkt påverka av empiristane John Locke og George Berkeley, franske filosofar, som Pierre Bayle, og andre engelsktalande intelektuelle, som Isaac Newton, Samuel Clarke, Francis Hutcheson, Adam Smith og Joseph Butler.

Liv[endre | endre wikiteksten]

David Home, son av advokaten Joseph Home frå Chirnside, og Katherine Lady Falconer, vart fødd 26. april 1711 i eit husværkompleks på nordsida av Lawnmarket i Edinburgh. Han endra stavemåten av namnet til Hume i 1734, av di engelskmenn hadde vanskar med å uttala «Home» etter skotske uttalereglar. Hume vitja ofte familien i Chirnside. Han gifta seg aldri.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Familien til Hume sendte han til universitetet i Edinburgh då han var tolv (eller moglegvis ti). På den tida var det vanleg å byrja på universitetet i fjortenårsalderen. I byrjinga vurderte han å lesa juss, men fekk etter kvart interesse for filosofi. Han hadde liten respekt for professorar. Han fortalde ein ven i 1735 at, «det finst inkje ein kan læra frå ein professor som ein ikkje kan finna i ein bok.»

I attenårsalderen fekk Hume ein filosofisk innsikt som opna «ei ny tankeverd» for han, som inspirerte han til å fokusera på filosofi. Han fortalde ingen kva denne tankeverda var, og kommentatorar har kome med mange forslag. På denne tida avgjorde han at han skulle bruka i minsto ti år på å lesa og skriva. Han kom nær eit nervøst samanbrot, og avgjorde at han trong eit meir aktivt liv for å kunna halda fram med læring.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hume hadde valet mellom å arbeida som omvandrande privatlærar eller som kaupmann, og han valde sistnemnde. I 1734, etter nokre månader som handelsmann i Bristol, drog han til La Fièche i Anjou, Frankrike. Han var ofte i samrøda med jesuittane ved den dåverande jesuittskulen (no Prytanée National Militaire), skulen som Descartes gjekk på. Han brukte mest alle sparepengane sine dei fire åra han var der på å skriva A Treatise of Human Nature. Han levde veldig sparsommeleg. Han fullførde A Treatise då han var 26 år gamal.

No reknast denne boka av mange akademikarar som det viktigaste verket hans Hume, og ein av dei viktigaste bøkene i vestleg filosofi, men ho vårt i fyrstninga dårleg motteke av engelske filosofar, som skildra boka som «abstrakt og uforståeleg». Trass dette skreiv Hume seinare at han snart kom seg av vonbrotet, og tok til å skriva att. Han skreiv ein forkorta versjon av førre boka, som han gav ut anonymt, i von om å gjera hovudverket meir forståeleg.

Etter at Essays Moral and Political kom ut i 1744 søkte Hume om stillinga som professor i moralfilosofi ved universitetet i Edinburgh, men stillinga gjekk til William Cleghorn av di presteskapet i Edinburgh bad bystyret om ikkje å tilsetja Hume, som hadde ateistiske tendensar.

Under jakobittopprøret i 1745 underviste Hume markien av Annandale. Det enda etter om lag eit år. Det var då Hume byrja på sit store historiske verk The History of Great Britain. Det tok femten år å skriva, og var til slutt på over ein million ord. Ho var gjeve ut i seks band mellom 1754 og 1762. Frå 1746 til 1749 arbeida Hume som sekretær for Løintnantgeneral St. Clair, og skreiv Philosophical Essays Concerning Human Understanding, som seinare var gjeve ut som An Enquiry Concerning Human Understanding. Denne vart noko betre motteke enn A Treatise.

Hume vart sikta for kjetteri, men vart forsvart av unge geistlege vener, som argumenterte med at som ateist stod han utanfor kyrkjeleg domsmakt. Trass frikjenninga fekk ikkje Hume stillinga som professor i filosofi ved universitetet i Glasgow. Dette var kanskje grunna motstand frå Thomas Reid, som same året skreiv ein kristeleg kristen av Hume sin metafysiske argumentasjon.

Etter at Hume vende attende til Edinburgh i 1752 fekk han stilling som universitetsbibliotekar, ein stilling som han seinare skreiv hadde låg løn, men som gav han tilgang til eit stort bibliotek, og gjorde det mogleg for han å halda fram med historisk forsking for The History og Great Britain.

Hume vart røynd som historikar. Det enorme verket hans, som skildrar britisk historie frå dei saksiske kongedøma til den ærerike revolusjonen, var veldig populært. Han skildra det politiske mennesket som eit vanedyr, med ein tendens til å godta etablerte styresmakter so lenge tidene er gode. Hume sjølv meinte at hans einaste verk som var vellukka då det fyrst kom ut, var Political Discourses, som kom ut i (1752).

Religion[endre | endre wikiteksten]

Hume skreiv tidleg eit essay, Of Superstition and Religion, som tente som grunnlag for sekulær tenkning om religionshistorie. Kritikarar av religion på Hume si tid laut uttrykka seg forsiktig. Få år før Hume vart fødd vart Thomas Aikenhead, ein 18 år gamal universitetsstudent, stilt for retten, dømd og hengt for blasfemi då han sa at kristendom var tøv. Hume fylgde vanleg skikk, og uttrykte seg gjenom dialog mellom fiktive personar. Han kjente seg ikkje ved forfattarskapen av essayet før året han døydde, 1776.

Essaya On Suicide, On the Immortality of the Soul, og Dialogues concerning Natural Religion vart ikkje utgjevne før etter han døydde, og jamvel då stod korkje Hume eller opptrykkaren nemnde på verket. Hume vart forkasta som kandidat til mange stillingar av di han var ateist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: David Hume
Wikisource

Originaltekst av David Hume ved Wikisource.