Gambia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republic of The Gambia

(norsk: Gambia, gambisk)

Det gambiske flagget Det gambiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «For The Gambia, Our Homeland»
Motto Progress, Peace, Prosperity ('Framsteg, fred og oppgongstider')
Geografisk plassering av Gambia
Offisielle språk Engelsk, mandinka, wolof, fula
Hovudstad Banjul
Styresett
Presidentialisme
Yahya Jammeh
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
11 295 km² (161.)
11,5 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
1 967 709 (146.)
174,2 /km²
Sjølvstende
Frå Storbritannia
18. februar 1965
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 269 mill. USD (169.)
1 800 USD (179.)
Valuta Dalasi


Toppnivådomene .gm


Gambia er ein republikk i Vest-Afrika og det minste landet på det afrikanske kontinentet.

Gambia er eit helst lite og smalt land med grense basert på Gambiaelva. Det er nesten totalt omringa av Senegal.

Kart over Gambia

Klima[endre | endre wikiteksten]

Gambia har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Banjul har ein årleg nedbørsnormal på 1296 mm, som er representativt for resten av landet. Temperaturane held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april. I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og temperaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare i tørketida.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.