Disco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Disco eller discomusikk er ei form for popmusikk som særleg er rekna for bruk i diskotek. Musikkforma oppstod i USA i 1970-åra. Stilen byggjer på soulmusikken fra 1960-åra. Han er ofte kjenneteikna av en «hjarteslagsrytme» og av at tekst og melodi er av underordna tyding. Blant dei fremste discoutøvarane kan ein nemna Donna Summer, Gloria Gaynor og gruppene Chic og Boney M. Discomusikken kulminerte med filmen Saturday Night Fever (1977), men element av han lever vidare i ein del av dance- og house-musikken frå 1980- og 1990-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.