Bolivia
República de Bolivia
(norsk: Bolivia, boliviansk) |
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonalsong | «Bolivianos, el hado propicio» | ||||||
Motto | Firme y Feliz por la Unión | ||||||
Offisielle språk | Spansk, quechua, aymara | ||||||
Hovudstad | Sucre1 | ||||||
Styresett |
Republikk Evo Morales |
||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
1 098 581 km² (27.) 1,4 % |
||||||
Folketal – Estimert (2015) – Tettleik |
10 800 882 (81.) 9,8 /km² (181.) |
||||||
Sjølvstende |
Frå Spania 6. august 1825 |
||||||
Nasjonaldag | 6. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
73 880 mill. USD (92.) 7 200 USD (127.) |
||||||
Valuta | Boliviano | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +591 | ||||||
Toppnivådomene | .bo | ||||||
1 Regjeringa held til i La Paz, Sucre er den formelle hovudstaden |
Bolivia er ein republikk i Sør-Amerika som grensar mot Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina.
Hovudstaden er Sucre, men dei største byane er Santa Cruz og Cochabamba.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
Det har budd folk i Andesregionen i om lag 20 000 år. Rundt 1450 vart det som i dag er Bolivia ein del av Inkariket. Inkaene kontrollerte området fram til 1533, då Spania hærtok og koloniserte området. Landet fekk sjølvstyre i 1825, og ein valde å kalla opp landet etter fridomshelten Simón Bolívar. Sidan då har nesten 200 militærkupp og motkupp prega landet si historie. Landet mista tilgangen til kysten under Stillehavskrigen rundt 1880. Eit demokratisk styre vart etablert i 1982, men landet har store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. Etter at president Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003, vart visepresidenten, Carlos Mesa sett inn som ny president i Bolivia. Etter mykje uro trekte Mesa seg, og Eduardo Rodríguez Veltzé vart sett inn som interimpresident 9. juni 2005. Evo Morales overtok embetet 21. januar 2006 etter valsigeren i desember.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Natur[endre | endre wikiteksten]
I vest strekkjer Bolivia seg inn i Andesfjella, der Nevado Sajama er det høgaste fjellet, med sine 6 542 m. Dei sentrale delane av landet ligg på høgfjellsplatået Altiplano, der mesteparten av folket bur.
Dei austre delane av landet er eit låglandsområde som er dekt av regnskog. Her ligg det lågaste punktet i landet, Rio Paraguay, 90 meter over havnivå.
Titicacasjøen ligg på grensa mellom Bolivia og Peru.
Heilt i vest ligg Salar de Uyuni, som er verdas største saltørken.
Departement[endre | endre wikiteksten]
Bolivia er samansett av ni fylke, kalla departement (departamentos). Desse er: Beni, Chuquisaca, Cochabamba, La Paz, Oruro, Pando, Potosi, Santa Cruz og Tarija.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Låglandet i Bolivia med regnskogen i nordaust og grassletta Chaco i søraust. Begge områda er varme og fuktige, og temperaturen i Chaco-området går ofte over 40 °C frå september til desember, og begge områda får ein god del regn frå november til april. Nedbørsmengdene er størst i nord, men Chacosletta vert ofte omvandla til eit sumpområde i regntida.
Altiplano er eit høgt platå i Bolivia med ei middelhøgd på 3800 m. Platået er både lågare og på lågare breidder enn Tibetplatået, og derfor vert ikkje Altiplano råka av vêrsystema på midlare breidder. Platået er ekstremt tørt og har mykje tropisk sol, og temperaturane varierer vanlegvis omkring 20 °C mellom dag og natt. Charaña registrerte ein gong ein imponerande temperatursvinging på heile 42 °C mellom natta og dagen. Desse temperaturkontrastane er særleg store om hausten (mars til mai). Sjølv på vinteren kan temperaturen gå langt under 0 °C om natta for så å krype over 10 °C om dagen. La Paz ligg like under den nordlege kanten av altiplano, og nattetemperaturane vert derfor ikkje så låge som lenger sør. Vinteren på Altiplano er som regel krystallklar, og det kjem berre ei lita mengd snø kvart år. Dei milde somrane fører ofte til intense torevêr, og kan av og til føre til litt sludd eller snø som raskt forsvinn.
|
|
---|---|
Argentina | Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama | Paraguay | Peru | Surinam | Uruguay | Venezuela |
|
|
---|---|
Medlemmar | Argentina · Bolivia · Brasil · Chile · Colombia · Ecuador · Guyana · Paraguay · Peru · Surinam · Uruguay · Venezuela |
Observatørar | Mexico · Panama |
|