Barbie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Barbie er merkenamnet til ei dokke laga av det amerikanske leiketøyselskapet Mattel. Dokka er av hard plast med nokre rørbare ledd, kunstig hår og påmalt ansikt. Barbie er utforma som ei vaksen kvinne, men med lite realistiske proporsjonar.[1] Ho er blitt seld i ei rekke utformingar, og det høyrer også venner, dyr, særskilde klede og utstyr til.

Dokka er kalla opp etter dottera til oppfinnaren, Ruth Handler, som heitte Barbara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.