Bygg
Bygg | ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Klasse: | Liliopsida | |
Orden: | Poales | |
Familie: | Poaceae | |
Slekt: | Hordeum | |
Art: | H. vulgare | |
Vitskapleg namn | ||
Hordeum vulgare |
Bygg (Hordeum vulgare) er ei kornplante av grasfamilien. Bygg høyrer til byggslekta og har frø som blir brukte til mat for menneske og dyr, og til å laga drykker som øl og whiskey. Bygg er eit svært hardført kornslag som til og med toler kaldare vêr enn rug og større saltinnhald i jorda enn kveite. Dyrka bygg kjem frå den ville byggplanta (Hordeum spontaneum) som framleis veks i Midtausten.
Innhaldsliste
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Ein kan dela inn byggtypar etter kor mange korn som sit på kvart aks. Tradisjonelt deler ein desse inn i tre typar: Bygg med to, fire eller seks kornrader. Toradsbygg er den eldste typen, og finst òg på villbygg. Dei ulike byggtypane kan alle kryssast og danna fruktbart avkom, og blir derfor sett på som same art, sjølv om dei har ulik utsjånad og veksemåte.
Av alle kornåkrane i verda er flatevidda av byggåkrane den femte største: 530 000 km².
Dyrking[endre | endre wikiteksten]
Russland | 72 000 km² |
Canada | 45 000 km² |
Ukraina | 37 000 km² |
Tyrkia | 36 000 km² |
Spania | 33 000 km² |
Det finst to ulike typar dyrka bygg, vårbygg og haustbygg. Vårbygg blir sådd om våren og hausta om hausten; haustbygg blir sådd om hausten og hausta året etter. Bygg har tradisjonelt vore dyrka anten åleine eller saman med havre — såkalla blandkorn.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Bygg har tradisjonelt vore brukt til å laga graut, supper og brød.
Bygg blir mellom anna brukt til å laga malt, som er viktig i ølbrygging. Det kan også destillerast til whiskey. Byggdrykker utan alkohol er byggte, kjend som mugicha i Japan og boricha i Korea, og barley water, 'bygg-vatn', ein leskedrykk kokt på bygg og smaksett med sitron eller anna frukt, som òg er brukt til å laga byggvin. Byggmalt har òg vore brukt som kaffierstatting.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Barley» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2009.
- «bygg – dyrket bygg» i Store norske leksikon, snl.no.