Irak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Al-Jumhuriyah Al-Iraqiyah

(norsk: Irak, irakisk)

Det irakiske flagget Det irakiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ardulfurataini Watan»
Motto Allahu Akbar (Gud er stor)
Geografisk plassering av Irak
Offisielle språk Arabisk, kurdisk
Hovudstad Bagdad
Styresett
Republikk
Fuad Masum
Haider al-Abadi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
438 317 km² (58.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
31 129 225 (39.)
71 /km² (112.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Storbritannia
3. oktober 1932
Nasjonaldag 17. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
117 700 mill. USD (63.)
3 600 USD (133.)
Valuta Irakisk dinar
Tidssone UTC +3
Telefonkode +964
Toppnivådomene .iq


Irak er eit land i Midt-Austen, sørvest i Asia. Det omfattar det eldgamle Mesopotamiaområdet der elvane Eufrat og Tigris møtest. Landet har grenser til Saudi-Arabia og Kuwait i sør, Jordan i vest, Syria i nordvest, Tyrkia i nord, og Iran i aust.

Dagens Irak blei til som eit britisk mandatområdet etter den første verdskrigen, og fekk sjølvstende i 1932. Det nye landet opplevde mykje politisk uro fram til Ba'ath-partiet, leidd av Saddam Hussein, tok makta i 1968. Han styrte landet med jernhand og leidde det inn i to krigar, krigen mellom Iran og Irak som varte frå 1980 til 1988, og invasjonen av Kuwait i 1991, som førte til Golfkrigen og internasjonale sanksjonar mot landet, som førde til at hundretusenvis[treng kjelde] av irakarar døydde av svolt, sjukdom og andre humanitære årsaker. Dette regimet fall etter at amerikanske styrkar invaderte landet i 2003. I 2005 hadde det sitt første demokratiske val, sjølv om ein stor del av sunnimuslimane i landet boikotta valet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

I Irak finn ein nokre av dei høgaste temperaturane i verda, og særleg dei vestlege ørkenområda har eit barskt klima. Den steikande varmen kjem i tillegg til ein nordvestleg vind, kalla shamal, som ofte fører til støvete forhold. Fjellområda i nordaust (Kurdistan) har litt lågare temperaturar, og ein kan få snø i desse områda og Nord-Irak om vinteren. Vinteren i sør er derimot mild.

Det meste av landet har ørken eller steppeklima med mindre enn 200 mm kvart år. Bagdad har ein årleg nedbørsnormal på 140 mm. Berre i dei nordlege områda, og i Kurdistanfjella får ein litt meir nedbør. Frå mai til september er det så godt som heilt tørt, og den våtaste tida på året er desember til mars. Smeltande snø i fjellområda i Tyrkia, Iran og Kurdistan kan gje flaum i elvene Tigris og Eufrat seint på våren eller tidleg på sommaren.

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Irak
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Irak» på Wikipedia på bokmål/riksmål.