Irak
Al-Jumhuriyah Al-Iraqiyah
(norsk: Irak, irakisk) |
|||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonalsong | «Ardulfurataini Watan» | ||||||
Motto | Allahu Akbar (Gud er stor) | ||||||
Offisielle språk | Arabisk, kurdisk | ||||||
Hovudstad | Bagdad | ||||||
Styresett |
Republikk Fuad Masum Haider al-Abadi |
||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
438 317 km² (58.) 0 % |
||||||
Folketal – Estimert (2012) – Tettleik |
31 129 225 (39.) 71 /km² (112.) |
||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 3. oktober 1932 |
||||||
Nasjonaldag | 17. juli | ||||||
BNP – Totalt (2010) – Per innbyggjar |
117 700 mill. USD (63.) 3 600 USD (133.) |
||||||
Valuta | Irakisk dinar | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +964 | ||||||
Toppnivådomene | .iq
|
Irak er eit land i Midt-Austen, sørvest i Asia. Det omfattar det eldgamle Mesopotamiaområdet der elvane Eufrat og Tigris møtest. Landet har grenser til Saudi-Arabia og Kuwait i sør, Jordan i vest, Syria i nordvest, Tyrkia i nord, og Iran i aust.
Dagens Irak blei til som eit britisk mandatområdet etter den første verdskrigen, og fekk sjølvstende i 1932. Det nye landet opplevde mykje politisk uro fram til Ba'ath-partiet, leidd av Saddam Hussein, tok makta i 1968. Han styrte landet med jernhand og leidde det inn i to krigar, krigen mellom Iran og Irak som varte frå 1980 til 1988, og invasjonen av Kuwait i 1991, som førte til Golfkrigen og internasjonale sanksjonar mot landet, som førde til at hundretusenvis[treng kjelde] av irakarar døydde av svolt, sjukdom og andre humanitære årsaker. Dette regimet fall etter at amerikanske styrkar invaderte landet i 2003. I 2005 hadde det sitt første demokratiske val, sjølv om ein stor del av sunnimuslimane i landet boikotta valet.
Klima[endre | endre wikiteksten]
I Irak finn ein nokre av dei høgaste temperaturane i verda, og særleg dei vestlege ørkenområda har eit barskt klima. Den steikande varmen kjem i tillegg til ein nordvestleg vind, kalla shamal, som ofte fører til støvete forhold. Fjellområda i nordaust (Kurdistan) har litt lågare temperaturar, og ein kan få snø i desse områda og Nord-Irak om vinteren. Vinteren i sør er derimot mild.
Det meste av landet har ørken eller steppeklima med mindre enn 200 mm kvart år. Bagdad har ein årleg nedbørsnormal på 140 mm. Berre i dei nordlege områda, og i Kurdistanfjella får ein litt meir nedbør. Frå mai til september er det så godt som heilt tørt, og den våtaste tida på året er desember til mars. Smeltande snø i fjellområda i Tyrkia, Iran og Kurdistan kan gje flaum i elvene Tigris og Eufrat seint på våren eller tidleg på sommaren.
|
|
---|---|
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | Libanon | Oman | Qatar | Saudi-Arabia | Dei sameinte arabiske emirata | Syria | Tyrkia | Jemen |
|
||
---|---|---|
Bahrain · Egypt · Irak · Iran · Israel · Jemen · Jordan · Kypros · Kuwait · Libanon · Nord-Kypros · Oman · Palestina · Qatar · Dei sameinte arabiske emirata · Saudi-Arabia · Syria · Tyrkia |
|
|||
---|---|---|---|
Medlemmar | Algerie · Angola · Dei sameinte arabiske emirata · Ecuador · Irak · Iran · Kuwait · Libya · Nigeria · Qatar · Saudi-Arabia · Venezuela
|
|
|
---|---|
Medlemmar | Algerie · Bahrain · Djibouti · Egypt · Dei sameinte arabiske emirata · Irak · Jemen · Jordan · Komorane · Kuwait · Libanon · Libya · Marokko · Mauritania · Oman · Palestina · Qatar · Saudi-Arabia · Somalia · Sudan · Tunisia |
Observatørar | Brasil · Eritrea · India · Venezuela |
Suspendert | Syria |