Hovudside
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Døgnrytmesjukdommar er ei gruppe lidingar som påverkar døgnrytmen, og er oftast sett på som ein type søvnforstyrring. Sjølv om søvnproblem kan vere dei mest merkbare av problemkomplekset, er det no klart at døgnrytmen omfattar mange fleire fysiologiske og åtferdsmessige faktorar enn som så, mellom anna syklusane til kroppstemperatur, appetitt og visse hormon. Menneske med døgnrytmesjukdommar kan ikkje sovne og vakne på tidspunkt som samfunnet krev for skule, arbeid og sosiale gjeremål. Med mindre dei har ei anna søvnsjukdom i tillegg, har dei søvn av normal kvalitet.
Det finst seks typar døgnrytmeforstyrringar, der to, jetlag og skiftarbeid-forstyrring, er påført utanfrå og ikkje livslange. Dei fire andre er kroniske, registrerte av ICD som Sjukdommar i nervesystemet. Årsakene til søvnfaseforskyvingane er ikkje heilt klarlagde. Syndroma går i ein viss grad igjen i slekta og ser ut til å vere genetisk betinga (hPer2- og hPer3-genane). Noreg er eitt av dei landa som bidreg mest til forsking på området, mellom anna ved Universitetet i Bergen. Les meir …
|
|
Kymriska eller walesiska är officiellt språk i Wales tillsammans med engelska. Det är ett keltiskt språk i den brittiska språkfamiljen och är därmed nära släkt med korniska och bretonska och på längre håll även med iriska, skotsk gäliska och manx.
Kymriska talas huvudsakligen i Wales av omkring en femtedel av befolkningen. Språket talas också av vissa längs den walesiska gränsen i England samt i den walesiska kolonin Y Wladfa i Chubut i Argentina. Bwrdd yr Iaith Gymraeg (Nämnden för det kymriska språket) rapporterade 2004 att 21,7 % av Wales befolkning (611 000 människor) kunde tala kymriska, en ökning med 0,9 % (35 000) från 2001. Av dessa 611 000 invånare ansåg sig 57 % (315 000) kunna tala språket flytande, medan 78 % (477 000) ansåg sig kunna språket antingen flytande eller någorlunda bra. 62 % (340 000) uppgav att de talade språket dagligen; i denna grupp ingick 88 % av dem som ansåg sig tala språket flytande. Läs mer …
|
Wikimedia
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Visste du at …
|
- ... Okloreaktoren i Gabon er den einaste naturleg kjernereaktoren ein kjenner til og at han for 1,7 mrd. år sidan skapte like mykje energi som eit moderne kjernekraftverk gjer på 10 år?
- ... ordet «avokado» stammar frå nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’?
- ... Vinson Massif er det høgaste fjellet i Antarktis (4 892 moh), men vart først oppdaga i januar 1958?
- ... fordi eit takyon, om det finst, flyttar seg raskare enn lyset så kan me ikkje sjå når det kjem, men etter at det har passert vil me kunne sjå to bilete av det som går i kvar sin retning bort frå oss?
- ... songen «Computer Love» av tyske Kraftwerk frå 1981 vart nytta som grunnlag for melodien i Coldplay-songen «Talk» i 2005?
Fakta ovanfor er tekne frå nokre av dei nyaste artiklane våre – arkiv
|
|
|
|
|