Wii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wii

Wii (ウィー, uttala som det engelske ordet 'we'(vi)) er ein stasjonær spelkonsoll laga av det japanske føretaket Nintendo. Konsollen høyrer til same generasjon spelkonsollar som PlayStation 3 frå Sony og Xbox 360 frå Microsoft, og er den som har selt mest av desse konsollane.[1]

Wii har fleire avanserte funksjonar samanlikna med tidlegare Nintendo-konsollar. Til dømes kan den trådlause hovudkontrollen brukast som ei handhalden peikeeining og registrerer rørsler i tre dimensjonar. Ein annan viktig funksjon er WiiConnect24 som lèt konsollen hente inn meldingar og oppdateringar over internett medan han er i sovemodus.[2]

Wii er den femte heimekonsollen frå Nintendo og er etterfylgjaren til Nintendo GameCube. Dei fleste modellane av Wii er kompatible med spel og ekstrautstyr for GameCube. Nintendo nemnte Wii-konsollen fyrste gongen på ein nyhendekoneranse på E3-messa i 2004 og avduka han seinare på E3-messa i 2005. Satoru Iwata, den administrerande direktøren i Nintendo, viste fram ein prototype av kontrollen under Tokyo Game Show i september 2005.[3] Konsollen vart lansert i fire store marknader etter den 8. desember 2006.

Seint i 2011 lanserte Nintendo ein omkonfigurert moell av Wii, kalla Wii Family Edition, som fjerna støtte for Nintendo GameCube-spel og -maskinvare. Etterfylgjaren til Wii er kalla Wii U, og vart lansert fjerde kvartalet i 2012.[4]

[endre] Wii-meny

Wii-menyen er det grafiske grensesnittet i Wii-konsollen og er forma som eit rutenett med grafiske ikon som representerer ulike kanalar. Grensesnittet er navigert i ved å peike med Wii-fjernkontrollen. Med unntak av Disk-kanalen kan ein endre på rekkjefylgda av kanalane ved å halde nede A- og B-knappane for å gripe kanalar og flytte dei rundt. Det er seks primære kanalar som fylgjer med konsollen: Disk-kanal, Mii-kanal, Foto-kanal, Wii Shop-kanal og kanalar for vêrmelding og nyhende. Dei to siste var utilgjengelege ved lansering, men vart seinare aktiverte gjennom oppdateringar. Andre kanalar er tilgjengelege å laste ned gjennom Wii Shop-kanalen, mellom anna ein kanal for å navigere på verdsveven og ein annan for å få nyhende om spel.

[endre] Kjelder

  1. «Consolidated Financial Highlights» (PDF). Nintendo. 2009-10-29. p. 9. http://www.nintendo.co.jp/ir/pdf/2009/091029e.pdf#page=9. Henta 2009-10-29. 
  2. Nintendo Corporation - Nintendo President, Satoru Iwata, media briefing speech at E3 2006
  3. Sinclair, Brendan; Torres, Ricardo (2005-09-16). «TGS 2005: Iwata speaks». GameSpot. http://www.gamespot.com/news/6133389.html. Henta 2006-09-24. 
  4. Walton, Mark (2012-01-26). «Wii U arriving this holiday season». GameSpot.com. CNet. http://www.gamespot.com/news/wii-u-arriving-this-holiday-season-6349231. Henta 2012-02-23. 

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wii
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.